Komité for plan og utvikling vart ikkje ferdig med sakslista på sist møte 09.03, og difor er det kalla inn til ekstramøte tysdag 23.03. På møtet skal komitéen mellom anna drøfta forslag til endringar, justeringar og presiseringar i delegasjonsreglementet i forhold til ny plan- og bygningslov. Reglementet vart vedteke hausten 2009, men i ettertid og ut frå røynslene med det nye reglementet har ein vurdert det slik at delar av det kan vera ønskjeleg å vurdera på nytt.
Det føreligg også krav om lovlegkontroll av delegert vedtak om oppføring av kai på Nordre Bjorøyna. Komitéen vedtok første desember i fjor å ikkje ta ei klage frå Fylkesmannen til følgje. Det føreligg nå krav om lovlegkontroll frå tre representantar frå Arbeidarpartiet.
Komitéen skal ta stilling til 25 klage- og dispensasjonssaker.
Møtet tek til kl. 16.00