Kommunestyret vedtok på torsdag (24.06) å setja av fire millionar kroner ekstra til vedlikehald hjå Eigedomssjefen. Pengane vert tekne frå driftsfondet. Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av økonomirapport første tertial. Arbeidarpartiet, Sotralista, SV og Senterpartiet røysta imot denne ekstraløyvinga.
Det er semje om at Eigedomssjefen i tillegg får 3,5 millionar kroner for å dekkja meirutgifter til brøyting. Det vert også sett av knapt 3,5 millionar kroner i auka tilskot til private barnehagar knytt til avrekninga for 2009 og 50 tusen kroner i avdragsutgifter for eit lån på eín million kroner til brannsikringstiltak i kyrkjene i Fjell. Desse budsjettendringane vert finansiert med ekstrautbytte frå BKK.
Enklare finansieringssystem for ikkje-kommunale barnehagar
Kommunestyret gav uttale til nytt finansieringssystem for ikkje-kommunale barnehagar. Kommunen stiller seg bak ønsket om enklare finansieringssystem og ser mellom anna positivt på at tilskotet til slike barnehagar vert delt i eit driftstilskot og eit kapitaltilskot. Kommunen meiner likevel at høyringsnotatet frå Kunnskapsdepartementet kan tolkast som at ein berre skal ha store barnehagar i kommunane.
Kommunen ber vidare om å få klårlagt kva som ligg i omgrepet basistilbod og ordinær drift. Fjellpolitikarane ønskjer ikkje bruk av nasjonale gjennomsnittssatsar slik det går fram av høyringsnotatet. Det bør heller utarbeidast fylkesvise eller eigne satsar for landkommunane og for byane.
Mot røystene til Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet vart det vedteke ei formulering om at Fjell er usamd i departementet sitt forslag til ny § 14a om tilbakebetaling ved opphøyr eller sal av barnehagar.
- Dette endrar rammevilkåra for dei private barnehagane og burde vore kjent ved barnehageforliket, heiter det i fråsegna.

Vil også ha med den nyare historia
Kommunestyret vil utvida allmennhistoriedelen av Fjell bygdebok frå to til tre band. Bygdebokutvalet i Fjell har vurdert om også den nyare historia etter 1970 bør takast med i allmennhistoria. Utvalet tilrår at tidsperioden frå 1970 til 2010 også verte teken med i serien og at framstillinga vert delt på tre band. Kommunestyret sluttar seg til denne tilrådinga. Utvidinga innebér at engasjement for forfattar(ar) vert auka med til saman eitt årsverk i tre år. Ekstrakostnaden vert stipulert til 1,8 millionar kroner eksklusive trykkerikostnader.
Tilrår å godkjenna plan på Maggevarden
Kommunestyret godkjente reguleringsplan for Maggevarden. Planen omfattar 10 husvære, felles parkeringsplass, felles leikeareal og felles grøntområde. Det er gjort nokre endringar i planen etter innkomne merknader.
Nærvær og sjukefråvær i Fjell kommune
Statusrapport om arbeid med nærvær og sjukefråvær i Fjell kommune vart teken til etterretning. Komité for finans og forvaltning vert bedne om å følgja arbeidet tett framover. Etter ein periode med høgt sjukefråvær, syner statistikken i Fjell redusert fråvær i første kvartal 2010.
Årsmelding og rekneskap
Kommunestyret godkjente rekneskapen for 2009 og tok årsmeldinga til etterretning. Årsrekneskapen for Fjell kommune syner eit netto driftsresultat på 30,4 millionar kroner. Fleire talarar ga ros for måten årsmeldinga var utforma.
Endringar gebyrreglement
Det vart vedteke at gebyr for søknad om dispensasjon vert redusert frå 12 000 kroner til 8.500 kroner
Fritak og nyval
- Anja Ulveseth Heggen (KrF) fekk fritak frå politisk verv som medlem i samarbeidsutvalet (SU) på Ulveseth skule og barnehageutvalet.
Nytt medlem i SU vart valt Tonje Tangen Alvsvåg (Ap), medan Inge Ree (KrF) vart valt til medlem i barnehageutvalet.
- Birthe Marie Rine Young (Frp) fekk permisjon frå ulike verv ut kommunestyreperioden. Ny represetant i formannskapet vert Lars Oskar Lie (Frp). Trond Ove Fosse (Frp) vert ny representant i komité for drift og representant i PUSH-utvalet.
- Eli Årdal Berland (H) vart vald inn som fast representant i formannskapet og som ny ordførar etter Lars Lie. Sjå eiga sak.
Det vart vedteke å gje ordføraren høve til å ta avgjerder på sommarfullmakt i ferien.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland