Komité for plan og utvikling har med åtte mot tre røyster (Ap og Sotralista) vedteke å oppretthalda eit delegert vedtak frå juli 2009 der Ole Morten Lie fekk løyve til å byggja ein kai på Nordre Bjorøyna. Kravet om lovlegkontroll frå tre kommunestyrerepresentantar frå Arbeidarpartiet vert dermed sendt til avgjerd hjå Fylkesmannen. Mindretalet på tre ville oppheva vedtaket om løyve til oppføring av kaien. I desember 2009 avviste KPU ei klage på det delegerte vedtaket.
Komitéen drøfta også delegasjon i samband med ny plan- og bygningslov. Det vart vedteke å oversenda saka til formannskapet for uttale.
KPU tok elles stilling til 25 klage- og dispensasjonssaker.