print

Rundt 9 500 har vaksinert seg i Fjell

Då siste vaksinasjonsdag var over, fredag 18. desember, hadde 9 563 personar i Fjell teke vaksine mot ny influensa A(H1N1). Dette tilsvarar 44 prosent av innbyggjartalet i Fjell. Førebels registrert gjennomsnitt i Hordaland er 37 prosent.

Det vert høve til å vaksinera seg i veke to og tre etter nyttår. Dette skjer berre på Straume helsestasjon og gjeld for personar med nedsett immunforsvar som skal ha dose nr. to og andre som førebels ikkje har fått vaksine.

Tilbodet om vaksinasjon på Straume helsestasjon vert på følgjande tidspunkt:
 
 måndag 11. januar  kl. 15.30 - 18.30
 onsdag  12. januar  kl. 15.30 - 18.30
 måndag 18. januar  kl. 15.30 - 18.30
 onsdag   20. januar  kl. 15.30 - 18.30

Dei som som ønskjer å få sett vaksine i romjula og første veka etter nyttår, kan gjera avtale om dette hjå Helsetjenester Vest på Sartor Helsehus på Straume.

Helsetjenester Vest Reisevaksiner AS
Sartorvegen 8, Sartor Helsehus
5353 Straume

Tlf.: 56 32 08 20  - telefaks 56 32 08 21
E-post: reisevaksine@helsetjenestervest.no
Internett: www.helsetjenestervest.no


Publisert:
21.12.2009
Sist oppdatert:
06.04.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom