print

Seks søknader om tilskot frå UKS

Ungdommens kommunestyre (UKS) har fått seks søknader om tilskot der ungdomen i Fjell er målgruppe. UKS har 50 tusen kroner til disposisjon som kan delast ut i 2010 i to søknadsrundar. Den første fristen gjekk ut første mai, og det var då kome inn seks søknader med ein totalsum på 97 500 kroner pluss eit uspesifisert beløp.

UKS har vore aktiv blant ungdomsmiljøa for å få inn søknader. Ved sist tildeling kom det inn eín søknad, men denne gongen er interessa vesentleg større. Målsetjinga med ordninga med tilskot frå UKS er å stimulera til aktivitetar som er retta mot ungdom i Fjell med særskilt prioritering til aktivitetar som vert drivne av ungdom.

Det er møte i UKS torsdag 20. mai kl. 15.00. Dette vert eit reint "intervjumøte" der søkjarane er kalla inn til intervju for å få presentert søknadene sine.

Desse har søkt om støtte frå UKS:

Søkjar:

Tiltak / aktivitet:

Søknadssum:

Kårtveit rockeklubb,
i regi av Kårtveit
ungdomsklubb

Lyd-/lysutstyr til
”open scene”;
Kårtveit

Kr. 30.000

Dansetreff

To dansenetter
8.januar og 19.mars;
Bildøyhallen

Kr. 30.000

Luxery paintballkl.

Utstyr til privat
paintballklubb;
Morlandstø

Kr. 7.500

Juvente Bergen-
Sotra

Sommaraktivitetar
for ungdom mellom
13-26 år; Fjell

Kr. 10.000

Band

Utstyr – lydanlegg,
gitar, diverse
bandustyr;
Morlandstø

Kr. 20.000

Elevar ved
Danielsens skule

Flytte skaterampe;
Danielsens skule

Uspesifisert beløp

Totalt:

Kr. 97.500 + uspes.


Publisert:
18.05.2010
Sist oppdatert:
19.06.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom