print

Vil ha miljøteknisk kontroll i Knarrvika

Rådmannen går inn for at det vert gjennomført ekstern miljøteknisk undersøking i hamnebassenget i Knarrvika. I ei sak til komité for finans og forvaltning (KFF) vert det føreslått å kontrollera oppsamlingstankar med tilhøyrande røyrsystem og eventuelt sediment. Det vert også bede om aktuelle tiltak som bør setjast i verk mot forureining.

Det er registrert fleire tilfelle av oljeforureining i hamnebassenget i Knarrvika. Det største utsleppet i den seinare tida vart registrert førte september i fjor. Då vart det meldt om oljefilm på sjøen så langt nord som ved Hauglandsosen ved Askøy. Det synte seg at oljefilmen kom etter utslepp av spillolje. Saka skal drøftast i KFF tysdag åttande juni.

Drift i samsvar med budsjettet

Komitéen får også presentert økonomirapporten etter første kvartal. Ordinær drift etter fire månader er om lag i samsvar med 2010-budsjettet på dei fleste sektorane. Eigedomssjefen har hatt ekstra utgifter til brøyting i vinter, og det er sett av 3,5 millionar kroner til dette i eit framlegg til budsjettendring. Det er også sett av knapt 3,5 millionar kroner i auka tilskot til private barnehagar knytt til avrekninga for 2009 og 50 tusen kroner i avdragsutgifter for eit lån på eín million kroner til brannsikringstiltak i kyrkjene i Fjell.

Andre saker i KFF


   - Årsmelding og rekneskap for 2009
   - Høyringsuttale til nytt finansieringssystem for
     ikkje-kommunale barnehagar
   - Arbeidet med nærvær og sjukefråvær i Fjell kommune
   - Endringar i gebyrreglement som følgje av lovendring   
      og endring i  delegasjonsreglementet      
   - Sal/makebyte av parsell på Søre Bildøyna
   - Sal av parsell langs riksveg 561 på Ågotnes

Møtet startar kl. 16.00 med fellesorientering (saman med komité for drift) om omdømeprosjektet i kultursalen. Det vert elles orientering om offentlege anskaffingar og revidert nasjonalbudsjett.


Tekst: Vigleik Brekke


Publisert:
03.06.2010
Sist oppdatert:
03.07.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom