På sitt møte tysdag 11. mai skal komité for drift drøfta saka om Straume idrettspark og kommunen sitt tilhøve til idretten. Bakgrunnen for saka er ein førespurnad frå Sotra Sportsklubb om kommunen vil nytta forkjøpsretten dersom delar av eigedomen vert selt til Danielsen skule og oppfølging av arbeidet til nemnda som har utgreidd behovet for fleirbrukshall.
Rådmannen har utarbeidd fire skisser til løysing, og desse skissene er ute til høyring hjå involverte partar. I utarbeidinga av saka har det vore samarbeid og kontakt med ei rekkje instansar. Dette gjeld særleg Sotra Sportsklubb. Saka vert endeleg avgjort av kommunestyret.
Vil også ha med den nyare historia
Etter planen skal allmennhistoria i bygdebokserien for Fjell skrivast i to band og omfatta tida fram til 1970. Bygdebokutvalet i Fjell har vurdert om også den nyare historia etter 1970 bør takast med i allmennhistoria. Utvalet tilrår at tidsperioden frå 1970 til 2010 også verte teken med i serien og at framstillinga vert delt på tre band. Rådmannen sluttar seg til denne tilrådinga. Utvidinga innebér at engasjement for forfattar(ar) vert auka med til saman eitt årsverk i tre år. Ekstrakostnaden vert stipulert til 1,8 millionar kroner eksklusive trykkerikostnader.
Andre saker i komité for drift 11. mai:
- Felles ordensreglar for skulane i Fjell
- Ressurssenter for mellomtrinnet som fast ordning
- Status for gjennomført forvaltningsrevisjon (tenestetilbodet til barn og unge med samansette behov)
- Idédugnad, vidare arbeid med innkomne forslag
- Tilskot til vern av kulturminne
- Trivselsmidlar
- Tilskot til kunstnarleg verksemd og etablering
- Andre tilskot
Møte tek til kl. 16.00 (møterom 107, rådhuset)
Tekst: Vigleik Brekke