Her i Ulveseth barnehage tek vi det på alvor og har dei siste 7 – 8 månedane jobba i prosjekt med ulike tiltak for å fremje samarbeid / samanheng mellom barnehage og skule. Tirsdag 14 oktober hadde vi som eit ledd i dette invitert dei førsteklassingane som i vår tok farvel med barnehagen vår:

Glade barn frå Ulveseth barnehage møter igjen første klasse som tok farvel
med barnehagen i august.
5 åringane i barnehagen som no er dei eldste har vore godt førebudd på besøket; Det vart tegna invitasjoner og sendt ut til kvar og ein. I tillegg har vi snakka ein del rundt det å begynne på skulen. Nokre gleda seg uuthaldeleg mykje fordi bestevenen som dei ikkje hadde sett sidan i sommar no skulle komme tilbake. Spørsmåla var mange og førsteklassingane var overraskande ivrige til å fortelja frå skulen:

Gode venninner møtast igjen!
Har de fått nye vener?
Det kom eit samstemt JA frå 1 klassingane. Mange namn vart ramsa opp og vi skjøna fort at dette var vener som betydde mykje for dei i skulekvardagen.
I tillegg fekk vi alle namn på lærarar. Fordelt på tre skular var det veldig mange syntes 5 åringane. Av lærarane har dei allereie lært både å synge engelske songar (som vi umiddelbart fekk høyre, dei hadde lært å lese og brodere den første bokstaven i namnet sitt!
Er det gøy på skulen?
Ja, og vi har bading! Med klassa er det både gøy og kjedeleg for då må vi gjer det som læraren ber oss om å gjere og. Men på bading med SFO er det kjempegøy(!) for der er alt fritt. Mange kunne og fortelle at dei allereie hadde lært å symje.
Ein av 5 åringane (med store søsken) lurte på om dei hadde stor og tung sekk.
Å ja, for vi har både skrivebok, multibok, skulebok og mange(!) fleire! Og vi har lekse! Vi fekk fort forklart kva dei skulle gjer i lekse i dag.
I etterkant av ei kort samling fekk 1 klasse og 5 åringane bake bollar til heile barnehagen. Praten gikk høgt og lystig og dei fekk tid tid både å prøve ut nye leikar, samtidig som nokre konstaterte at det meste var ved det gamle. Fekk oppleve at det var ”spor etter dei i barnehagen”.
Vi vaksne sat igjen med inntrykk av at det var mykje glede og entusiasme rundt det å ha begynt på skulen. Vonar dei klare å bere det med seg vidare gjennom skuletida!

Gøy med nye og gamle songar!
Når vi jobber i prosjekt rundt tema ”samanheng barnehage – skule” har vi fokus på ”livslang læring”. Vi ser det frå to synsvinklar; Samanliknar vi barnehagen sin rammeplan med skulen sin læreplan ser vi at det er mange felles fag(område). I barnehagen jobber vi mot prosessmål; tilrettelegge for å gi barna opplevingar og erfaringar rundt ulike område. Skulen jobber mot kompetansemål som angir kva det einskilde barnet skal kunne etter endt opplæring på ulike trinn.
På den andre sida har vi og eit ansvar for å gi barna kontinuitet i overgangen frå barnehage til skule. Målet er ikkje å unngå overganger, for overganger er ein del av livet. Målet er å unngå at dei vert for store. Tilrettelegge for at barnet kan mestre og komme styrka gjennom dei. Vi ser at fadderordning (med besøk av 4 klasse), ei god avslutning i barnehagen og no eit tilbakeblikk for 1 førsteklassingane, gjer at skulestartarane og vil oppleve det som ein samanheng . Ein overgangsamtale for kvart barn ved skulestart er og eit tiltak vi vonar å få inn som fast rutine.
Vi skal ta vare på likskap og ulikskap i barnehage og skule, samtidig som begge instutisjonane har ansvar for å utvikle eit samarbeid.
På nyåret vil vi og involvere foreldra meir rundt prosjektet. Kva forventningar set dei med i høve til at barnet deira skal avslutte barnehagetida og ta til på skulen. Vi er spente på tilbakemeldingane og oppleve det meiningsfylt å vere med å gi barna ein raud tråd frå barnehage til skuleslutt.
Janita Sandvik Sjøvold