Fjell kommune har utarbeidd ein kompetanseplan som omfattar alle barnehagane i kommunen og rettar seg mot alle tilsette. Kommunen som barnehagemynde har ansvar for å sikre eit heilskapeleg barnehagetilbod av god kvalitet, og denne planen er eit reiskap for å sikre god kvalitet. Eit vilkår for at kommunen skal få statleg tilskot til kompetanseutvikling, er å utvikle og gjennomføre planar for kompetanseutvikling. Lov og rammeplan legg stor vekt på barnehagen som fyrste steg i utdanningsløpet, og målet er at ein gjennom auka kompetanse skal bidra til å skape eit likeverdig og kvalitetsmessig godt barnehagetilbod til alle barn i Fjell kommune.
Tidlegare var kompetanseutviklingstilbodet eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Askøy, Sund, Øygarden og Fjell. Men mellom anna grunna auka utbygging, vart dei administrative og praktiske utfordringane for store, og kommunane har difor vald å skipe eigne planar. Samstundes har ein oppretthalde samarbeidet om eit realfagsprosjekt mellom kommunane Fjell, Sund og Øygarden.
Denne planen må sjåast som eit supplement til kvar einskild barnehageeigar sine eigne planar for kompetanseheving, og kvar einskild barnehage må også fastsetja mål i høve eigne satsingsområde. Planen bygger på Kunnskapsdepartementet sine overordna satsingsområde med tillegg av lokale satsingsområde.