Servicetorgsjefen har ansvar for post/arkiv/ekspedisjon, politisk sekretariat, informasjon, kultur/idrett, bibliotek, frivillighetssentralen og kemneren. Vi har også ansvar for likebehandling av private og kommunale barnehagar, mellom anna ved samordna opptak og fordeling av statleg og kommunalt tilskot. Vi er støtteteneste for dei andre avdelingane på rådhuset, men yter også direkte tenester til innbyggjarane i den daglege drifta.
Tek du kontakt med kommunen på telefon 55 09 60 00, treffer du våre hyggelege og hjelpsame damer på sentralbordet. Dei kan gje informasjon om kommunale tenester eller formidla kontakt med rett person ut frå dine behov.
Hovudmål: Fjell kommune skal ha eit servicetorg i utvikling til beste for innbyggjarar og andre som vender seg til kommunen.
Meir informasjon