Google
Skriv ut print

Fjell bygdebok

Lokalhistorie frå havstrilens rike. Les om livet i Fjell gjennom tidene. Kjøp gards- og slektshistoria samla, og spar 300 kr. (Gjeld band II-V, 4 bøker)Lokalhistorie frå havstrilens rike. Les om livet i Fjell gjennom tidene. Kjøp gards- og slektshistoria samla, og spar 300 kr. (Gjeld band II-V, 4 bøker)

Kulturen, språket, landskapet og næringsgrunnlaget i Fjell kommune har vore i sterk endring den siste generasjonen. Korleis levde folket her i Fjell for 40, 400 eller 4000 år sidan? Både dei som nyleg har flytta til Sotra og dei som har djupe røter her, kan ha glede og interesse av å få veta meir om dette. Gjennom Fjell bygdebok får du grundig kjennskap til den historiske utviklinga frå dei første menneska busette seg her for over 9000 år sidan og fram mot våre dagar.

Til no er fem band i bygdebokserien komne ut (eitt band allmennhistorie og fire band gards- og slektshistorie). Alle bøkene er til sals hjå bokhandlane (t.d. på Sartor storsenter), i fleire nettbokhandlar og hjå Eide forlag (Fagbokforlaget): www.eideforlag.no/fjell Bøkene er rikt illustrerte, med mange gamle fotografi og kart. Sjå meir informasjon om kvar enkelt bok under.

Dei neste bøkene

Kommunestyret har vedteke at det skal skrivast to band med allmennhistorie for tida 1700 til 2010. Arbeidet med band VI, som skal omfatta dei første 200 åra av denne perioden, er under arbeid.

Om prosjektet

Fjell bygdebok er eit kommunalt prosjekt, administrativt underlagt kultursjefen. Eit bygdebokutval har ansvaret for framdrifta, i samarbeid med redaktør frå Universitetet i Bergen. Redaktør er førsteamanuensis Nils Kolle ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Kontakt

Halvor Skurtveit skriv allmennhistoria for 1700- og 1800-talet, og har tidlegare vore ein av forfattarane av gards- og slektshistoria. Han har kontorplass på rådhuset.
Tlf.: 55 09 75 48. Mobiltlf.: 97 06 83 82
E-post: halvor.skurtveit@fjell.kommune.no

Facebook

Fjell bygdebok er også på Facebook. Besøk prosjektet på denne adressa: www.facebook.com/fjellbygdebok

Meir lokalhistorie frå Sotra

Dei to kommunane på Sotra, Sund og Fjell, har mykje felles historie. Sund har starta opp sitt eige bygdebokprosjekt.

Bøkene i serien

Fjell bygdebok band VFjell bygdebok band VFjell bygdebok. Band V. Gards- og slektshistoria for gnr. 42-58. (2010)

Boka handlar om den sør-austre delen av kommunen, og omfattar i alt sytten gardar: Brattholmen, Snekkevika, Gavlen, Ebbesvika, Nordre- og Søre Ekrhovda, Li, Liaskjeret, Nordre og Søre Bjorøyna, Haganes, Tellnes, Dala, Dalseidet, og Søre, Midtre og Nordre Fjell.

 

 

 

 

 

 

Fjell bygdebok band IVFjell bygdebok band IV

Fjell bygdebok. Band IV. Gards- og slektshistoria for gardsnummer 30-41. (2008)

Boka handlar om ein del gardar aust i kommunen: Knappskog, Geitanger, Morland (medrekna Morlandsstøa), Kolltveit, Bildøyna, Straume, Foldnes, Anglavika, Vågo, Rennedalen, Knarrvika og Arefjord (medrekna Valen).

 

 

 

 

 

 

 

Fjell bygdebok band IIIFjell bygdebok band IIIFjell bygdebok. Band III. Gards- og slektshistoria for gardsnummer 20-29 & 59-60. (2006)

Boka handlar om den nordlege delen av kommunen: gardane Eide, Eide, Kårtveit, Pollen, Angeltveit, Landro, Solsvika, Misje, Turøyna, Vindnes, Ågotnes, Spjeld og Fjæreide.

 

 

 

 

 

 

 

Fjell bygdebok band IIFjell bygdebok band IIFjell bygdebok. Band II. Gards- og slektshistoria for gardsnummer 1-19. (2005)

Boka tek for seg området sørvest i kommunen: gardane Trengereid, Kallestad, Ekra, Nordvika, Bratten, Nese, Tveita, Ulveset, Åse, Skoge, Møvika, Syltøyna, Hissøyna, Lokøyna, Løno, Skålvika, Langøyna, Sekkingstad, Algrøyna og Dyrøyna.

 

 

 


 

 

 

 

Fjell bygdebok band IFjell bygdebok band IFjell bygdebok. Band I. Det stig av hav... Natur- og kulturhistoria fram til 1700. (1996)

 

 

 

 


 

 

 

 


 

Bygdesoga for FjellBygdesoga for FjellBygdesoga for Fjell. (1970)

Eit restopplag av boka vart bunde inn og sendt ut på marknaden i 2005, 35 år etter at boka kom ut første gongen.

















Publisert:
27.12.2005
Sist oppdatert:
01.03.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom