print

Skulesjefen

Skulesjefen har ansvar for heile grunnskuletilbodet inklusiv pedagogisk psykologisk teneste, vaksenopplæringa og kulturskulen. Skulesjefen er den største verksemda i kommunen både med tanke på budsjett og tal tilsette. Det er 18 skular i Fjell som dagleg gjev eit desentralisert tilbod i grendene.

Fjellskulen tar mål av seg å vera i front, med evne til å tolka og analysera det samfunnet vi skal gje tenester til. Skulen skal vera positiv kritisk, kontinuerleg ha evne til å evaluera seg sjølv, og våga tenkja nytt med fagleg utvikling som ein naturleg del av arbeidskvardagen.

Hovudmål: Skulen i Fjell skal vera ein kvalitetsmedviten, endringsdyktig og lærande organisasjon.


Publisert:
25.09.2008
Sist oppdatert:
15.05.2009
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom