print

Fjell opprettar Kuldenaudtelefon


På bakgrunn av ein lengre periode med uvanleg kaldt vér, har Fjell kommune føretatt ei risikovurdering av fleire aktuelle tenesteområde. Den låge temperaturen utfordrar innbyggjarane i Fjell på ulike måtar.

For å styrka kommunikasjonen med innbyggjarane i denne situasjonen, opprettar Fjell kommune Kuldenaudtelefon. På denne måten kan folk få råd og hjelp til å løysa ekstraordinære vanskar og utfordringar som har oppstått på grunn av kulden. Eldre og andre vanskelegstilte grupper kan mellom anna få vanskar med å halda høg nok temperatur i bustaden sin. Brot i straumforsyninga og frosne vatn- og avlaupsleidningar kan påføra innbyggjarane store utfordringar. Andre kan verta isolerte på grunn av snø og is. Målsetjinga med Fjell kommune sine tryggleikstiltak er å redusera faren for liv og helse for alle som bur i kommunen.

Tryggleikssjef Roy Hansen understrekar at det ekstraordinære telefonnummeret er tiltenkt dei innbyggjarane som har særlege behov. Han minnar også om kor viktig det er å nytta nettverk som naboskap og familie og gje ei hjelpande hand der det trengs.

 - Vi bør alle tenkja gjennom korleis vi kan hjelpa kvarandre i denne situasjonen. Samstundes har kommunen eit ansvar for innbyggjarane sine, og vi vil gje råd og hjelp der det er naudsynt, seier Hansen. Ei tryggleiksgruppe skal følgja opp dei behov som melder seg og finna praktiske løysingar. Det er også aktuelt å samarbeida med frivillige organisasjonar i dette arbeidet.

Leiar i NAV Fjell, Rune Jacobsen, seier at NAV vil vera fleksibel og nytta godt skjøn når det melder seg behov for ekstraordinære ressursar.

 - Vi står til teneste for innbyggjarane, og i denne situasjonen skal vi leggja stor vekt på å gje målretta hjelp. Døme på dette er hjelp til å skaffa varme klede, gode vintersko og hjelp til å få betalt straumrekningar og varmeomnar. På den måten kan vi førebyggja fare for liv og helse, seier Jacobsen.

Kuldenaudtelefon i Fjell: 55 09 63 60

Ved spørsmål om leidningskart for vatn, ring FjellVar på tlf. 56 31 59 30 elle send e-post til: postboks@fjellvar.no

Er det tomt for vatn, kontakt Sotra Brannvern v/Svein Drageland på tlf. 934 41 998 eller Sotra Brannvern http://www.sotrabrannvern.no/index.cfm?id=130808


Publisert:
08.01.2010
Sist oppdatert:
03.02.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom