print

Influensa A(H1N1) - svineinfluensa

Influensa A(H1N1) - svineinfluensa
Det vert høve til å vaksinera seg i veke to og tre etter nyttår. Dette skjer berre på Straume helsestasjon, og gjeld for personar med nedsett immunforsvar som skal ha dose nr. to og andre som førebels ikkje har fått vaksine.

Tilbodet om vaksinasjon på Straume helsestasjon vert på følgjande tidspunkt:
 
 Måndag 11. januar  kl. 15.30 - 18.30
 Onsdag  13. januar  kl. 15.30 - 18.30
 Måndag 18. januar  kl. 15.30 - 18.30
 Onsdag  20. januar  kl. 15.30 - 18.30

Tilbodet om vaksinasjon gjeld for alle over 6 mnd. Eigendelen er kr. 50,-. Hugs å ta med personnummer (11 siffer).

Dei som som ønskjer å få sett vaksine etter 20. januar, kan gjera avtale om dette hjå Helsetjenester Vest Reisevaksiner på Sartor Helsehus på Straume. Ein må ringja først for å få timeavtale.

Helsetjenester Vest Reisevaksiner AS
Sartorvegen 8
Sartor Helsehus
5353 Straume

Tlf.: 56 32 08 20 - telefaks 56 32 08 21
E-post: reisevaksine@helsetjenestervest.no
Internett: www.helsetjenestervest.no
Eigendelen her er kr 150,-

Éin dose er tilstrekkeleg
Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk har konkludert med at eín vaksinedose ser ut til å gje tilstrekkeleg vern for dei aller fleste barn og vaksne. Helsestyresmaktene tilrår at personar med nedsett immunforsvar framleis tar to dosar, med minimum eit mellomrom på tre veker.

Tidlegare har ein tilrådd å ta to dosar Pandemrix til barn under 10 år, men nå vert dette endra til å tilrå eín vaksinedose for alle med unnatak av dei som har nedsett immunforsvar.

Det er meir informasjon om pandemivaksineringa generelt på nettstaden www.pandemi.no, tlf. 815 55 015 eller Fjell kommune sin informasjonstelefon om influensa, tlf. 55 09 63 96.

I lenka til høgre finn du meir konkret informasjon om vaksinasjon.


Publisert:
30.07.2009
Sist oppdatert:
21.01.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom