Ved symptom på influensasjukdom kan ein ta kontakt med sin fastlege eller legevakta for å få råd i høve behov for konsultasjon/undersøking. Ved lette symptom vil det ikkje alltid være naudsynt med vidare oppfølging.
Fastlege eller legevakt kan ein om naudsynt kontakta på nytt, dersom nye personer blir sjuke og hvis tilstanden til dei som er sjuke vert verre.
Ring lege straks om den sjuke:
- har tungt for å puste eller har smerter i brystet
- har fiolett eller blåleg farge på leppane
- har teikn på uttørring. (særleg tørr i munnen/ særlig sparsom vannlating)
- kastar opp og har problem med å halde på drikke slik at det er fare for uttørring
- får anfall med krampar eller liknande
- ikkje reagerar som normalt eller verkar forvirra