Generelt om sjølvbeteningsløysingane våre
Tenestene er utvikla for å gi innbyggjarar og næringsliv lettare tilgang til sjølvbetening og innsyn i kommunal forvaltning. Førebels er det eit avgrensa tal på tenester som er tilgjengelege på heimesida vår, men dette vil auka gradvis i tida som kjem.
Fleire av tenestene (skjermdialogane) er tilgjengelege på miside.no, og dei er i tillegg kopla opp mot interne fag- og arkivsystem.
Søkjarar som sender inn eit elektronisk skjema, får tildelt eit referansenummer. Dette nummeret er ei kvittering på at søknaden er sendt inn. Pålogga søkjarar vil alltid kunne finne igjen dei innsende søknadene i det personlege arkivet sitt.
Dei elektroniske tenestene våre:
- Skjema
Heimesida vår inneheld eiskilde elektroniske skjema (skjermdialogar). Dei er laga slik at søkjaren blir rettleia gjennom søknadsprosessen, mellom anna med hjelpetekst og lenkjer til relevante informasjonskjelder. Kvart skjema inneheld også ei rekkje kontrollmekanismar som sikrar at det er tilstrekkeleg utfylt før innsending.
Det er mogleg å bruke skjema utan pålogging. Pålogga brukarar får likevel ein føremon, blant anna førehandsutfylling av einskilde felt, mellomlagring av skjema, samt eit personleg arkiv over dei siste innsendte skjema.
Du kan også gje høyringssvar ved offentleg høyring.
- Innsyn
Du har innsyn i postlister, sakar og politiske dokument. Denne tenesta krev ikkje registrering.
- Abonnement på saksdokument til politiske utval
Alle som ønskjer å lese saksdokument og protokollar frå dei politiske utvala i Fjell kommune kan få ei melding på e-post og sms så snart innkalling og protokoll er klar. Denne tenesta krev registrering.
- Min eigedom og kart
Her kan du sjå eigedomen din og tilhøyrande informasjon. Denne tenesta krev registrering.
Krav til bruk
Det er mogleg å ta i bruk dei fleste elektroniske skjema utan pålogging/utan å registrere seg som brukar. Vi tilrår likevel at søkjarar registrerer seg, då dette gir ein del fordelar og meirverdi for søkjarane - som førhandsutfylling av einskilde felt, mellomlagring av skjema og eit personleg arkiv over innsende skjema.
For å registrere deg som brukar i sjølvbeteningsportalen til Fjell kommune, må du oppgi fødselsnummer (11 siffer), namn og e-postadresse. Du får tilsendt ein registreringskode, som du bruker for å ferdigstille registreringa.
Det er også mogleg å koma inn på skjermdialogane våre gjennom pålogging på miside.no. I så fall må du bruke fødselsnummeret ditt (11 siffer) og ein PIN-kode frå for eksempel skattekortet.
Personvern og tryggleik
Fjell kommune har inngått databehandlaravtale med leverandøren av skjermdialogane. Alle skjermdialogar er krypterte med sertifikat. Personopplysningar blir behandla konfidensielt, og blir ikkje formidla vidare.
Hjelp og støtte
Informasjonsavdelinga i Fjell kommune yter hjelp ved brukarproblem med portalen, blant anna påloggingsproblem, problem med å søkje på stillingar og andre relevante problem.