Skule- og utdanning er eit viktig satsingsområde for kommunen, og det no sett i gong eit arbeid med å lage ein ny kommunedelplan for dette området. Arbeidet vil ha fokus på heile skulesektoren frå fysiske tilhøve og kapasitet, til kvalitet og innhald. I planarbeidet vil ein sjå på heile spekteret av utdanning frå barnehage til høgskule og seie noko om kommunen si rolle og sitt ansvar innanfor dei ulike områda.
Organisering av planarbeidet:
Det er nedsett ei politisk styringsgruppe som skal leia arbeidet med planen. Medlemene i gruppa er:
Vidar Arnesen, Frp, leiar
Marianne Sandahl Bjorøy, AP, nestleiar
Kirsten Syljeset, H
Odd Bjarne Skogestad, KrF
Jan Erik Dale, Sl
I tillegg er det nedsett ei administrativ arbeidsgruppe som består av skulesjefen, tre rektorar, representantar frå arbeidstakarorganisasjonane og ein adm. prosjektleiar. Gruppa vil også invitere andre deltakarar med i arbeidet alt etter kva tema ein tek opp. Denne gruppa vil vera faglege rettleiarar i planarbeidet. Kommunens foreldreutval (KFU) vil vera referansegruppe i planarbeidet.
Styringsgruppa kjem du i kontakt med på følgjande e-postadresse:
skuleplan@fjell.kommune.no
eller du kan sende eit brev til
Fjell kommune
Plan- og utbyggingssjefen
Postboks 184
5342 Straume eller tlf. 55 09 60 00
Meir informasjon