Planområdet delfelt KB5 er på om lag 8,7 daa og legg til rette for 12 einebustader og 7 tomannsbustadar, totalt 26 bueiningar. Det vert lagt til rette for felles tilkomstveg, parkering, leik og anna fellesareal.
Planane og vedtaka er også utlagt i Servicetorget i Rådhuset på Straume.
Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.
Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.
Eventuell klage vert å senda: Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume.
Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan eller utbyggingsplan vert det vist til § 31 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 32 og 42 må vera sett fram seinast 3 – tre - år etter denne kunngjeringa.
Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsett i plan- og bygningslova § 42. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.
Dokument: