print

Reguleringsplan for barnehage på gnr 33/1 - Kolltveit

I samsvar med § 27-2, nr. 3 i plan og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande reguleringsplan:

REGULERINGSPLAN FOR BARNEHAGE PÅ GNR 33/1 - KOLLTVEIT

Planområdet er om lag 4,7 daa og er lokalisert på vestsida av fv 258 like sør for eksisterande barnehage ”Havhesten” på Kolltveit. Planen legg til rette for etablering av ein ny 4 avdelings barnehage med tilhøyrande tilkomst og parkeringsareal.

Dokument:

 

Planen og vedtaket er lagt ut her og i Servicetorget i Rådhuset og Fjell folkeboksamling på Straume. Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.

Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.

Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan vert det vist til plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova må vera sett fram seinast 3 – tre - år etter denne kunngjeringa.

Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsett i plan- og bygningslova § 42. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.

Eventuelle merknader til planen kan sendast til: Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume eller via elektronisk skjema.


Publisert:
05.06.2010
Sist oppdatert:
27.06.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom