GODKJENT REGULERINGSPLAN
I samsvar med § 27-2, nr. 3 i plan og bygningslova vert det med dette kunngjort at kommunestyret har vedteke følgjande reguleringsplan:
REGULERINGSPLAN FOR BUSTADER PÅ SNEKKEVIKA, GNR 42/12 M.FL.
Planområdet er om lag 2,9 daa og ligg ved fylkesveg 233, rett vest for avkøyringa til Snekkevika. Planen legg til rette for 10 husvære i 2 lågblokker på tre etasjar. I tillegg er det planlagd ein underetasje til garasje. Det er i planen også lagt til rette for eit større felles leikeområde.
Planane og vedtaka er utlagt i Servicetorget i Rådhuset på Straume.
Vedtaket kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland av den som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse.
Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa. Klagen bør grunngjevast.
Eventuell klage vert å senda: Fjell kommune, Plan- og utbyggingssjefen, Postboks 184, 5342 Straume.
Når det gjeld verknaden av godkjend reguleringsplan eller utbyggingsplan vert det vist til § 31 i plan- og bygningslova. Planen er bindande for alle arbeid og tiltak som vert sett i verk innanfor planområdet. Krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 32 og 42 må vera sett fram seinast 3 – tre - år etter denne kunngjeringa.
Det vert gjort merksam på reglane for innløysing, slik dei er fastsett i plan- og bygningslova § 42. Dette inneber m.a. at grunn kan krevjast innløyst. For fullstendig oversikt over reglane viser ein til plan- og bygningslova. Ein kan og venda seg til kommunen for utfyllande informasjon.
Dokument: