BIS-SEMINAR
Måndag 12. november vart det gjennomført eit gratis halvdagsseminar i Kultursalen på Fjell rådhus med tema beredskapsmessige omsyn i samfunnsplanlegginga. Seminaret tok for seg tema som:
- BIS - Status og utfordringar
- Risiko i samfunnet
- Prinsipp for beredskapsarbeidet
- Krav og forventningar
- Konsekvensar og ansvar
- ROS - Døme på sjekklister
- FylkesROS
- Høve til motsegn og nye krav frå Fylkesmannen
- BIS innan andre område enn arealplanlegging
- Døme på tverrfagleg samarbeid
- Osb.
Seminaret vart opna og avslutta av plan- og utbyggingssjef Willy Sørensen i Fjell kommune.
Foredragshaldarane var elles i kronologisk rekkefølgje:
Målgruppa for seminaret var leiarar generelt og sakshandsamarar som arbeidar med plan- og byggjesaker, beredskapsmedarbeidarar og andre som har oppgåver relatert til samfunnstryggleik.
Nærare informasjon om seminaret kan de få hjå tryggleiks- og beredskapssjef Arve Meidell, tlf. 56326400.