print

Nyhende - tryggleik og beredskap

På desse sidene finn du nyhende og informasjon knytt til temaet tryggleik og beredskap.

Øving LYNELD 9 april 2008

Fylkesmannen sende i dag ut øvingsvarsel til alle kommunane i Hordaland. Øvinga gjekk mellom anna på å testa kommunane si beredskapsvarsling. Sjefen for Kommunal Krise Leiing (KKL) samla kriseleiinga i Fjell. Ein gjekk gjennom øvinga, og har rapportert til Fylkesmannen innan frist for attendemelding. Beredskapsmeldingar til KKL var vellukka og ein drøfta kort status for kriseinformasjon.

Fylkesmannen sin sluttrapport etter Øving Hordaland 2007
Fylkesmannen i Hordaland har no sendt ut sluttrapporten etter pandemiøvinga sist haust. Rapporten oppsummerar erfaringane med øvinga frå planleggingsstadiet og førebuingsfasen via øvingsdagane til etterarbeidsfasen. Det vert m.a. konkludert med at øvingsopplegget fungerte godt. Deltakarane er godt nøgde med den kompetansehevings- og førebuingsfasen som det vart lagt opp til i forkant for øvinga. Det er og avdekt mange forbetringsområde undervegs, mellom anna er det trong til meir kompetanseheving innan områda risikoanalysar og krisekommunikasjon. Dette er område som Fylkesmannen vil følgje opp i tida framover, t.d. i form av nye kurs osb. Det vert og konkludert med at det er trong til ytterlegare fokus på arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap og at dette er eit toppleiaransvar. Samfunnstryggleik og beredskap skal og må vere ein kontinuerleg og integrert del av verksemda står det i forordet til rapporten.

Rapporten seier derimot lite om status hjå den einskilde deltakar (i alt 44 verksemder) i øvinga. Dette går fram av respektive verksemder sine eigne evalueringar.

 

Øving Hordaland 2007
28. og 29. november skal Fjell kommune saman med dei andre kommunane i fylket og statlege etatar (m.a. Fylkesmannen i Hordaland, Forsvaret, Politiet, Helse Bergen og Helse Fonna) gjennomføre ei større kriseøving. Temaet for øvinga vil vere ein influensapandemi. Slike pandemiar opptrer normalt ca. 3 gongar kvart hundreår, sist gong i 1968. Eit ”worst-case” scenario inneber at 50 % av befolkninga ver smitta i løpet av ½ år, medan eit meir sannsynleg scenario medfører ca. 30 % smitta, noko som vil medføre store utfordringar for samfunnet. Tryggleiks- og beredskapssjef Arve Meidell er med i kjernegruppa som står for planlegging av øvinga. Han seier at hovudfokuset denne gongen ikkje bør rettast mot sjølve øvinga, men derimot arbeidet deltakarane gjer fram mot øvinga. Som ein lekk i desse førebuingane vert det mellom anna gjennomført to kurs i risiko- og sårbaranalyse for deltakarane. Vi forventar dessutan at deltakarane går gjennom og oppdaterer eige planverk slik at ein er godt budd når øvinga tek til. Slik sett vert øvinga difor meir å sjå på som ein eksamen. Øving Hordaland 2007 har elles eigne heimesider.

 

MV Servers forlis 12. januar 2007
Forskipet på MV Server liggjande på TranevågenOm kvelden fredag 12. januar 2007 gjekk det 180 m lange lasteskipet MV Server på grunn ved Fedje. Heldigvis gjekk det ingen menneskeliv tapt i ulukka, men det slapp ut store mengder olje av havaristen. Nokre timar etter grunnstøytinga brakk skipet i to og ein fekk ytterlegare utslepp av olje. For å redusere risikoen for ytterlegare utslepp vart forskipet slept inn til CCB på Ågotnes natt til laurdag 13. januar og sett på grunn inne i Tranevågen. Rundt vraket vart det deretter lagt ut oljelenser. Førebels er forskipet tømt for 90 tonn med olje og vatn, men ein reknar med at det framleis ligg att ca. 170 tonn tungolje i forskipet. Sjølv om store delar av dei 600 m3 med olje om bord på MV Server har lekt ut og havaristaden ligg ganske nærme oss, så har lite av utsleppet råka Fjell kommune. Det er litt olje i Tranevågen, mellom anna som følgje av arbeidet på havaristen, men dette vert teken hand om fortløpande. Det er og observert noko olje i Austrevågen, noko som og vil verte teken hand.
MV ServerUtlegging av lenser

Elles har Eide Marine Services AS fått oppdraget med å heve forskipet på MS Server, eitt arbeid som dei reknar med vil ta 3-4 veker. Deretter skal vraket fjernast.

 

Øving Fjell 2006 - 13. september 2006
Fjell kommune gjennomførte ei fullskala kriseøving saman med politiet, brannvesenet, Sivilforsvaret, friviljuge lag og organisasjonar, media m.fl. Scenariet gjekk ut på at eit barn i Svingen barnehage forsvant under ein tur i terrenget. Søk vart organisert med mannskap frå Sivilforsvaret, Norske Redningshunder, Røde Kors og kommunalt tilsette. Det forsvunne barnet, "Teddy Bjørn" vart funne "sovande" i ein hage av ein bebuar i nærleiken av turområdet 4½ time seinare.

Søk med hunde etter "Teddy Bjørn"Dykkarar frå Bergen brannvesen i Arefjordsvatnet

Køyretøy frå nokre av deltakaraneLeitemannskap frå Sivilforsvaret

 

Evaluering etter skogbrannen - 23. august 2006
Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte ei større evaluering etter skogbrannen på Sotra i mai 2006. På evalueringa var det representantar frå alle aktørane som deltok i aksjonen. I tillegg var det representantar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (skogbrannen i Selje) og Fylkesmannen i Rogaland (skogbrannen i Vindafjord).

Straumbrot - 2. juli 2006
Rett før dei organiserte i El og IT-forbundet gjekk ut i streik rauk straumforsyninga på Straume. Mellom anna Fjell sjukeheim, Straume bu- og servicesenter, Straume helsesenter og Straume barnehage vart råka av straumbrotet. Feilen vart ikkje funne før streiken tok til, men det vart raskt gjeve dispensasjon sidan det her var snakk om helseinstitusjonar som var ramma. Likevel tok det fire dagar før ordinær straumforsyning kom attende fordi ein ikkje klarte å finne brotstadane. I mellomtida måtte desse institusjonane klare seg med straum frå 2 store aggregat (kvar på 550 kVA) som BKK plasserte ut. Seinare i veka, vart nærare 700 husstandar i området Angeltveit – Landro – Solsvik – Misje straumlause. Også her vart det søkt om og gjeve dispensasjon grunna liv, helse og dyrehald. Alle husstandane hadde her fått straumen attende til kl. 17:00. I mellomtida hadde Fjell kommune opna Ågotneshallen for publikum slik at dei kunne hente vatn, eller utføre naudsynte ærend, t.d. toalettbesøk og dusjing. I tillegg var det mogleg å hente vatn på kyrkjegarden på Landro. Sjølv om kommunen ikkje har noko ansvar for straumforsyninga, så fekk vi mange fortvilte førespurnader frå publikum. Som eit apropos kan det og nemnast at det knapt var eit straumaggregat å oppdrive i butikkane på Vestlandet denne føremiddagen.


ROS i kommuneplanen -  mai 2006
Som kjent har Fjell kommune dei siste åra arbeidd med å revidere arealdelen av kommuneplanen. I den samanheng er det krav til at det vert gjennomført risiko- og sårbaranalyse på arealbruken. Dette var første gongen kommunen har gjennomført ei slik analyse. Mellom anna alle nye tiltaksområde i arealplanen er vurdert med omsyn til risiko. Resultatet er at fire kombinasjonar av område/tiltak ligg i raud sone (absolutt krav til risikoreduserande tiltak), medan meir enn 150 område/tiltak ligg i gul sone (tiltak skal vurderast og normalt gjennomførast). ROS-analysen har elles fått ein del positiv omtale eksternt. Under har vi gjengjeve eit avsnitt frå møtereferatet etter Hordaland Planforum (eit samarbeidsforum for kommune, fylkeskommune, fylkesmann og andre offentlege etatar) sitt møte torsdag 1. juni 2006.

”Kommunen vart gjeve honnør for ei god risiko- og sårbaranalyse, dette er ein annan divisjon enn det som er sett tidlegare. Det er og eit pluss at kommunen har utført arbeidet sjølv, slik at dei sitt igjen med kunnskapen. Det har ikkje vore gjeve tydeleg signal frå sentralt hald på korleis ein skal leggje opp breidde/djupne på analysane, det vil ein ta for seg no.”

Skogbrann -  mai 2006

Helikopteret i aksjonDet brenn på Signalfjellet

Helga 5. – 7. mai vart Fjell kommune råka av den største skogbrannen kommunen har opplevd i nyare tid og kanskje nokosinne. Ca. 20 km2 av midtmarka gjekk med i brannen, og lenge stod ei rekke hus og eigedomar i fare for å brenne ned, men det gjekk heldigvis bra. Ingen hus eller eigedomar fekk nemneverdige skader. I tillegg til det statlege skogbrannhelikopteret leigde kommunen inn ytterlegare to helikopter for å hjelpe til i sløkkingsarbeidet. Dette berga verdiar for mange millionar kroner. Forutan mange titals private hus og eigedomar ville mellom anna Nye Knappskog skule og Skålevik skule vorte flammane sitt rov utan denne helikopterinnsatsen. Likevel måtte fleire titals heimar evakuerast då det brann som verst. Dei som ikkje kunne dra til familie og vener vart etter frammøte på Straume bu- og servicesenter forlagt på Ågotnes hotell.

Ressursinnsats
I sløkkingsarbeidet deltok:

  • 350 personar frå Sivilforsvaret i tillegg til alt ustyret Sivilforsvaret bidrog med 500 soldatar frå Bergenhus heimevernsdistrikt 09
  • Personell, bilar og utstyr frå 10 ulike brannvesen
  • 3 helikopter
  • Eit stort tal kommunalt tilsette, mellom anna 
  • kriseleiinga i kommunen
  • Eit stort, men ukjent tal friviljuge

Sivilforsvaret sitt lager

Alt i alt kjem sluttrekninga til Fjell kommune og Sotra brannvern IKS til å vere på om lag 2,5 mill. kr. Aksjonen vart ein stri tørn på mange måtar. Fleire måtte gå 2-3 døger i strekk utan søvn. Som om ikkje det var nok med sjølve ”hovudbrannen”, så blussa brannen opp at fleire stadar og fleire gongar i løpet av veka som kom, men heldigvis utan at dette medførte vidare dramatikk.

Etter skogbrannen

 

Fugleinfluensa -  vinteren/våren 2006
Denne våren har frykten for spreiing av fugleinfluensa vore stor. Media har hatt mange opp-slag om temaet. Fjell kommune ser ingen grunn til å overdramatisere desse hendingane på noverande tidspunkt, men vi følgjer utviklinga nøye. 

Havmåke

Denne våren har frykten for spreiing av fugleinfluensa vore stor. Media har hatt mange opp-slag om temaet. Fjell kommune ser ingen grunn til å overdramatisere desse hendingane på noverande tidspunkt, men vi følgjer utviklinga nøye. 

  • Samstundes ønskjer vi å gje følgjande informasjon:
    Dersom du finn fleire døde fuglar innafor eit avgrensa område kan det vere 
    teikn på utbrot av fugleinfluensa. Publikum skal ikkje sjølv ta hand om døde eller sjuke dyr. Kontakt i tilfelle Mattilsynet på tlf. 06040.
  • Fugleinfluensa er ein dyresjukdom, og smitteoverføring til menneske førekjem særs sjeldan. Likevel bør ein vere aktsam og ivareta god hygiene ved all handsaming av døde eller sjuke fuglar. Ein skal og huske at det er normalt å finne død fugl i naturen. Ville fuglar forulykker, dør av svolt, vert drepen av rovdyr, og rammast av ulike infeksjonssjukdomar.


Beredskap:
Fjell kommune følgjer dei råd og retningsliner som kjem frå nasjonale myndigeiter, m.a. Mattilsynet og Folkehelseinstituttet. I tillegg har kommunen sin eigen smittevernplan (lovpålagt) som det i ein krisesituasjon kan verte aktuelt å setje i verk. Vi vil likevel understreke at det på noverande tidspunkt ikkje er nokon grunn til å vere redd.


Legionella - mai 2005

Alle eigarar av kjøletårn har sidan 1. januar 2005 hatt ansvar for å melde alle kjøletårn til kommunen. Alle kjøletårn i Fjell kommune vil verte kontrollert iht. gjeldande retningsliner. Vi oppmodar difor eigarar og andre til å melde frå om eventuelle kjøletårn, sjølv om fristen gjekk ut 30.05.05. Elles har eigedomsjefen som eit førebyggjande tiltak sett i gong ekstra kontroll av VVS-anlegg på kommunale bygg. Det vert og laga faste rutiner for kontroll og oppfølging av vedlikehald på slike anlegg. Ein minnar i den samanheng om at vatn i varmtvasstankar skal halde minst 65°C for å unngå oppblomstring av legionellasmitte.

Håndbok i arbeid med samfunnssikkerhet, krise- og beredskapsplanleggingBok om samfunnstryggleik, krise- og beredskapsplanlegging - 25.mai 2005
Arve Meidell, tryggleiks- og beredskapssjef i Fjell kommune,  har skrive bok om samfunnstryggleik, krise- og beredskapsplanlegging. Boka som har tittelen ”Håndbok i arbeid med samfunnssikkerhet, krise- og beredskapsplanlegging” kom ut på Kommuneforlaget i mai månad. Den rettar seg primært mot offentleg sektor og då særleg kommunal verksemd. I samband med utgjevinga vart forfattaren intervjua i KS Aktuelt nr 3/2005.

Samøving mellom CCB og Fjell kommune - 28.juni 2005
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO) gjennomførte ei felles beredskapsøving for CCB  saman med  og Fjell kommune 28. juni 2005. Målet med øvinga var å trene samhandling mellom ei av dei store verksemdene i kommunen og den kommunale kriseleiinga, KKL. 

Berghammar på Døsjø - 9.mai 2005
Etter raset på Ekrhovda stilte ordføraren spørsmål om tryggleiken kring berghammaren ovanfor båthamna på Døsjø var forsvarleg. Tryggleiks- og beredskapssjefen og samferdsleleiaren undersøkte saka.  Statens vegvesen vart varsla om tilhøvet då dette er SVV sitt ansvar og berghammaren primært trugar FV 206. SVV held no situasjonen under oppsyn.

Berghammar på Døsjø

Ras på Ekrhovda - 3. mai 2005
Om kvelden 3. mai 2005 fekk Fjell kommune melding om at ein steinblokk på omlag 2 m3 hadde rast ut på Ekrhovda. Etter synfaring på staden viste det seg at det var eit større rotvelt som hadde avdekt steinblokkar i skråninga på toppen av ei hylle i terrenget. Området vart reinska for mindre laus stein.


Øving Hordaland, 7. – 13. februar 2005
I februar 2005 gjennomførte Fjell kommune saman med dei andre kommunane i fylket ei større beredskapsøving i regi av Fylkesmannen i Hordaland. Øvingsscenaria inneheldt mellom anna element frå atomberedskap via dårleg ver til oljeutslepp på sjøen. Hovudfokuset i Fjell kommune var likevel på helseberedskap og smittevern. Hovudinntrykket etter øvinga er at ein er godt rusta fagleg til å takle dei situasjonane som måtte oppstå, medan ein framleis har litt å hente når det gjeld kvaliteten på kriseinformasjonsarbeidet.


Flaum i Halvgjevatnet - 4.–11. januar 2005
Halvgjevatnet flyt over i RV 555
Halvgjevatnet flyt over i RV 555

Statens vegvesen (SVV) melde frå om at RV 555 frå Kolltveittunnelen langs Halvgjevatnet mot Fjell sentrum stod i fare for å verte oversvømd. SVV ønskte å sprengje det øvste laget av den nordre demninga i Halvgjevatnet for å auke avrenninga, noko tryggleiks- og beredskapssjefen av tryggleiksmessige omsyn sette seg i mot.
Kommunen gjennomførte difor ei synfaring i vassdraget 5. januar 2005 for å sjå nærare på saka med tanke på å finne alternative løysingar. På bakgrunn av denne synfaringa fann tryggleiks- og beredskapssjefen trong til å kontakte Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) for å be om assistanse. Dette fordi situasjonen vart vurdert til å vere av ein slik karakter at det på sikt kunne vere fare for dambrot i den nordre demninga dersom den vart utsett for ytterlegare påkjenning i form av høgare vasstand.
Det vart difor gjennomført nok ei synfaring på demningane saman med ein representant frå NVE. I tillegg var Statens vegvesen, BKK og Hordaland fylkeskommune med på denne synfaringa.
Som følgje av observasjonar og vurderingar under synfaringa fann NVE det naudsynt å iverksetje strakstiltak med heimel i § 40 i vassressurslova for å unngå dambrot med påfølgjande konsekvensar vidare nedover i Fjellvassdraget.
Det vart difor laga hol i den eine demninga laurdag 8. januar for å unngå overtopping og for å avlaste trykket mot den nordre demninga.  

 

Flaumkatastrofen i Søraust Asia - 2. juledag 2004
Det var ei stund personar busett i Fjell kommune på lista over sakna personar etter tsunamien. Kommunen sitt faste kriseteam vart difor varsla og det vart etablert beredskap for å ta hand om desse personane og deira pårørande. Seinare viste det seg heldigvis at ingen frå Fjell vart direkte råka av tragedien.


Tilsyn med beredskapsarbeidet i Fjell kommune - 29. september og 1. oktober 2004
Fylkesmannen i Hordaland førte tilsyn med beredskapsarbeidet i Fjell kommune i månadsskiftet september/oktober 2004. Det vart ikkje funne avvik under tilsynet, men kommunen fekk 4 merknader som ein no enten alt har følgt opp, eller er i ferd med å følgje opp.

Merknadene var:

  • Kommunen sine overordna mål for beredskapsarbeidet er i liten grad brote ned i langtidsmål, årsmål og tiltak
  • Kommunen har ikkje utarbeida ein overordna ROS-analyse
  • Kommunen sin krise- og beredskapsplan manglar fagplanar for ein del område
  • Kommunen har i liten grad initiert eigne øvingar for kriseleiinga



MS Rocknes´ forlis - 19. januar 2004
MS Rocknes´ forlis medførte for Fjell kommune 24 km med forureina strandlinje. Meir enn 150 personar har vore innom lønningslistene i løpet av dei 5 månadene oppryddingsarbeidet tok. Det fysiske arbeidet ute i felten vart i Fjell kommune leia av personell frå Sotra Brann-vern, medan tryggleiks- og beredskapssjefen tok hand om det administrative arbeidet. Kystverket og IUA Bergen region stod for overordna leiing då dette var ein statleg aksjon. 

 

 

 






 


 

 



 


Publisert:
19.09.2006
Sist oppdatert:
02.10.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom