Alt arbeid med tryggleik og beredskap i Fjell kommune skal følgje dei overordna prinsippa om ansvar, nærleik og likskap, jf. ”Stortingsmelding nr 17 (2001-2002) Samfunnssikkerhet. Veien til et mindre sårbart samfunn.”
Det inneber mellom anna følgjande:
Ansvarsprinsippet
Den som har ansvar i ein normalsituasjon har også tilsvarande ansvar i tilfelle ekstraordinære hendingar. Dvs. at den som har ansvar for ei teneste/oppgåve til dagleg, også har ansvaret for denne under ekstraordinære situasjonar og kriser.
Likskapsprinsippet
Den organisasjonen ein opererer med til dagleg skal vere mest mogleg lik den organisasjon ein har under kriser. Dvs. at ein ikkje endrar organisasjonskartet i krisesituasjonar. Dette er likevel ikkje til hinder for at ein etablerer den kommunale kriseleiinga (KKL).
Nærleiksprinsippet
Kriser skal handsamast på lågast mogleg nivå.
Kort oppsummert inneber dette at kvar einskild leiar er ansvarleg for tryggleik og beredskap på eigen tenestestad. Dette gjeld både før, under og etter ei hending.