print

Du og demokratiet

Informasjon om dei politiske aktivitetane og vedtaka er ein viktig del av internettsatsinga i kommunen. All offentleg planlegging vert lagt ut på www.fjell.kommune.no, med høve til uttale frå alle interesserte.

Ved at postlister, protokollar og saklister - med unntak av saker som er unnatekne frå offentleglova - ligg på Internett, kan fleire følgja med i den lokalpolitiske verksemda.  Kommunestyremøta vert i tillegg overførte på RadioSotra, som også er på nett og sender digitalt frå desse møta. Er det elles noko du lurer på, kan du møte på kommunestyret eller i dei ulike komiteane og høre på debattane der. Ønskjer du konkret svar på ei enkeltsak, må du kontakte servicetorget, telefon 55 09 60 00, postmottak@fjell.kommune.no.

E-post direkte til ordføraren vil, som annan post, bli behandla i samsvar med offentleglova (Lov om offentlighet i forvaltningen 19. juni 1970 nr 69). Det betyr at innhaldet i meldinga kan bli offentleg tilgjengeleg. Send difor ikkje meldingar som inneheld personlege opplysningar.


Publisert:
24.01.2006
Sist oppdatert:
18.08.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom