Rådet er eit samhandlings- og rådgjevande organ for kommunen i saker som angår funksjonshemma sine behov og interesse, og kommunen sitt formelle organ i arbeidet med brukarmedverknad. Rådet har ikkje mynde for å fatta vedtak på kommunale saksområde, men skal arbeida for at menneske med nedsett funksjonsevne ikkje vert diskriminert og bidra til tilgjengelege og brukarvennlege tenester i kommunen. Kommunalt råd menneske med nedsett funksjonsevne er eit rådgjevande organ og det vil ikkje gje råd i saker som gjeld enkeltindivid, med mindre saka kan vere av prinsipiell karakter.
Rådet engasjerer seg for tida i følgjande saker:
- Etablering av nytt NAV-kontor i Rådhuset
- Tilgjengeprisen
- Oppfølging av universell utforming i ulike byggprosjekt i kommunen som t.d. nye Ågotnes ungdomsskule, terapibassenget etc.
- Universell utforming av t.d. kommunale bygg
Rådet tek gjerne imot saker, innspel frå publikum, lag og organisasjonar som ein meiner Rådet bør engasjera seg i.
Mandat for rådet:
- Gje fråsegn til forslag til økonomiplan og årsbudsjett
- Gje fråsegn til kommuneplan og kommuneplanar med verknad for menneske med nedsett funksjonsevne.
- Gje fråsegn til saker som kommunale organ legg fram for rådet.
- Ta del i arbeid med konsekvensutgreiingar etter plan og bygningslova som gjeld kommunal verksemd.
- Ta del i planprosessar vedkommande kommunale bygg (nybygg og ombygging).
Medlemer
Rådet består av 7 medlemmer, 2 politikarar valt av kommunestyret og 5 frå brukarorganisasjonane valt av desse. Administrasjonen er sekretariat.
Representantar:
- Bjørnar Fjellhaug (KrF) - leiar
- Mari Mikkelborg (FFO) - nestleiar
- Brit Tønnessen Fjell (V)
- Gunnar Angeltveit (FFO)
- Morten Mortensen (FFO)
- Britt Nornås (NFU)
- Svein Arthur Pedersen (NFU)
Vararepresentantar:
- Endre Dyrøy (H)
- Svein Bergh (SL)
- Vigdis Landro (FFO)
- Anne May Lerum (NFU)
Sakslister og referat på nett