print

Ordførar

Ordførar Lars Lie

Velkomen til Fjell kommune!

Kommunen er i stadig vekst og utvikling. Næringslivet går godt og innbyggjartalet stig - og gjennom produktivitet og konstruktiv deltaking i det lokale sjølvstyret kan vi alle vera med på å gjera kommunen stadig betre. Anten du er folkevald, medarbeidar i den dyktige administrasjonen vår, aktiv i våre talrike frivillige lag og organisasjonar, eller om du trivst best heime, i båten eller til fots i naturen vår, tilbyr Fjell kommune mange måtar du kan engasjera deg på i det daglege.

Som ordførar - vald av dei folkevalde representantane i kommunestyret - er eg ansvarleg for å organisera det politiske arbeidet i kommunen, medan rådmannen har ansvaret for å leia administrasjonen og for å utgreia saker som vert lagt fram for dei folkevalde. Fjell kommune pliktar å byggja gode relasjonar til innbyggjarane, gjennom god service og funksjonelle tenester. Vev-sida vår, eller heimesida på Internett, www.fjell.kommune.no, er ein enkel og effektiv måte å oppnå kontakt når du treng hjelp eller informasjon frå kommunen.

Har du forslag til korleis nettsidene kan tena innbyggjarane i Fjell kommune betre, kan du senda e-post til postmottak@fjell.kommune.no. Hit kan du og senda meldingar til kommunen, kommentarar til bl.a. høringsdokument, søknader og ønske om tenester m.v. Postmottak vil vidaresenda e-posten din til rett person eller tenesteområde. Vi har også lenkjer til område der du kan følgja med i politiske vedtak. All offentleg saksutgreiing vert lagt ut på heimesida til Fjell kommune.

Det er gjevande og utfordrande å vera ordførar i Fjell kommune. For å kunna fylla vervet best mogleg, ønskjer eg god kontakt med innbyggjarane i kommunen. Eg deltek difor med glede ved store og små hendingar rundt i grendene. I arbeidstida kan du nå meg på telefon 56 32 64 00, og e-post kan vere ei god løysing for enkelte når du ønskjer direkte kontakt med meg, ordforar@fjell.kommune.no.
Med helsing

Lars Lie
ordførar 

Meir informasjon


Publisert:
23.01.2006
Sist oppdatert:
01.10.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom