print

Ungdommens kommunestyre

Om ungdommens kommunestyre - (UKS)

UKS er eit interesseorgan som drøfter/påverker kommunale saker som vedkjem dei unge gjennom fast møteverksemd. UKS er ein høyringsinstans, og då er det viktig at dei kjem tidleg inn i prosessen der store saker skal handsamast.


Utvalet har om lag seks møter i året. Det er ti representantar med vara, i alderen 13-19 år. Alle er valde frå vidaregåande- og ungdomsskular eller ungdomsklubbar i kommunen. UKS har sine møter i komitésalen på rådhuset, og møtene er opne for alle. Sjå møteplan for meir informasjon om dato og tid for møta.

UKS har kr. 50.000 å dele ut i tilskot til aktivitetar, tilbod, arrangement eller andre tiltak der ungdommen i Fjell kommune er målgruppa. Meir opplysningar om retningslinjer, søknadsfristar og søknadsskjema finn du her.

Dersom de har nokre saker som kan vere interessante for ungdomen å kjenne til eller om du ynskjer råd frå dei unge, kontakt UKS-koordinator gjennom sentralbordet tlf. 55 09 60 00 eller postmottak@fjell.kommune.no.

UKS har og ei eiga fan-side på Facebook som du kan følgje med på for meir informasjon! Søk etter "Fjell ungdommens kommunestyre" så finn du oss.

Sakslister og dokument på nett

Vel møtedato for ungdommens kommunestyre eller søk etter politiske saker her

Dersom du ikkje får fram dokumentet du prøver å opne, ta kontakt med politisk sekretariat på telefon 55097059 eller 56326488.


Publisert:
26.02.2009
Sist oppdatert:
10.06.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom