print

Abort

Generelt

Omtale

Abortlova gjev deg rett til å krevje ("begjære") abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka (84 dagar). Søknad om å få utført abort framset du gjennom ein lege eller eit sjukehus som er godkjent for å utføre svangerskapsavbrot. Legen skal informere deg om korleis inngrepet blir gjennomført og om eventuelle komplikasjonar som kan oppstå. Du treng ikkje å grunngje valet ditt, og du vel sjølv om du vil motta rettleiing eller råd.

Legen skal også gje deg informasjon om den støtta samfunnet gjev dersom du ønskjer det.

Målgruppe

Gravide som ønskjer abort.

Kriterium/vilkår

Graviditet innanfor den tolvte svangerskapsveka (84 dager). Du må framsetje krav ("begjæring") om å få utført abort gjennom ein lege eller eit sjukehus som er godkjent for å utføre svangerskapsavbrot.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kvinna sjølv tar den endelege avgjerda såframt inngrepet kan skje før utgangen av den tolvte svangerskapsveka og tungtvegande medisinske grunnar ikkje talar mot det.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Legen skal i samråd med deg utforme ein skriftleg søknad. Legen skal straks tilvise deg til det sjukehuset der inngrepet skal utførast.

Søknadsfrist

Prinsippet om sjølvbestemt abort gjeld berre før du er inne i den tolvte svangerskapsveka.

Saksbehandlingstid

Sjukehuset skal behandle kravet ("begjæringa") og utføre inngrepet så raskt som mogleg.

Moglegheit til klage

Det er kvinna sjølv som tar den endelege avgjerda.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
01.10.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom