Omtale
Når du adopterer eit barn, tar du det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får den samme rettslege stillinga som om barnet hadde vore ditt biologiske barn. Rettsforholdet til barnet sin opprinnelege familie opphøyrer.
Adopsjon av norske born innanlands kan starte på ulike måtar, og mange situasjonar kan føre til adopsjon. Eit barn kan bli adoptert av stefaren sin, stemora si eller fosterforeldra.
Adopsjonslova er ikkje til hinder for at det blir gjennomført adopsjon av ein vaksen person. Det blir ført ein streng praksis, særleg der det ikkje kan visast til at søkjaren har oppfostra barnet frå barneåra og adopsjon legaliserer eit faktisk foreldre-barn-forhold.
Det er mogleg å bli registrert som adoptivsøkjarar til eit barn der foreldra samtykker til adopsjon. Eit fåtall små born blir tildelt ny familie etter at mor, eventuelt også far, har bede om hjelp til å adoptere bort barnet.
Dei fleste adopsjonar som blir gjennomførte i dag, dreier seg om adopsjon av born frå utlandet. Slik adopsjon startar med ein søknad om førehandssamtykke til å adoptere eit barn frå utlandet. Inntil adopsjonssøknaden blir sendt ut av landet, kan søkjarane òg vere registrerte som adoptivsøkjarar innanlands.
Kriterium/vilkår
Eit grunnleggjande vilkår for å gjennomføre ein adopsjon er at adopsjonen skal vere til gagn for barnet. Barne-, ungdoms- og familiedepartementet har utforma retningsliner med barnets beste for auget: Til vanleg blir det ikkje gjeve godkjenning til søkjarar over 45 år.
Generelt gjev det born større tryggleik å ha to foreldre enn éin. Ved adopsjonssøknad frå einslege blir det vurdert om søkjaren har spesielle ressursar i forhold til born.
Adoptivsøkjarane må ha god helse både fysisk og psykisk. Samstundes må det etter ein konkret vurdering leggjast vekt på at foreldra skal utgjere ei omsorgseining. Trygg og stabil økonomi blir vektlagt. Det er eit ufråvikeleg krav at dei som søkjer om adopsjon saman, er gifte med kvarandre. At paret også har vore sambuande skal tilleggjast vekt. For at forholdet skal ha vist stabiliet, blir det kravt minimum to års sambuar-/ekteskapstid. Utanlandske krav kan avvike frå norske krav.
Organisasjonane som formidlar born med tanke på adopsjon, gjev råd og rettleiing om val av land.
Samarbeidspartnarar
Barne-, ungdoms- og familieetaten har godkjent tre norske formidlingsorganisasjonar som òg er godkjende i aktuelle utland. Det er