print

Adressetildeling

Generelt

Omtale

Offisiell adresse skal tildelast alle eigedomar i kommunen med bygningar som blir brukte til:

  • bustadformål
  • fritidsformål
  • næringsverksemd
  • offentleg verksemd


Kommunen tildeler adresse eller endrar adresse når det er nødvendig, for eksempel:

  • når ein skal endre tilkomstvegar , oppføre nye bygg eller det er vanskeleg å finne fram til ei adresse . Offisiell adresse gjer det lettare for besøkande og utrykkingskjøretøy å finne fram.



Adressa skal  knyttast til den vegen eigedommen har tilkomst frå.
Der vegnamn ikkje er gitt kan det nyttast matrikkeladresse bruksnummer / gårdsnummer  (stadnamn/gardsnamn) . Ein eigar kan i særskilte høve vende seg til kommunen dersom han/ho ønskjer å endre adressa på eigedommen sin. Kommunen fastset namnet på vegar (adressenamn) og det er Komite for drift (politisk) som har avgjersrett . Skrivemåte må godkjennast av Statens kartverk . Stadnamntenesta på Vestlandet har uttalerett i desse sakene.  Adressenamn (vegnamn) er det unntaksvis ikkje høve å påklage. Ansvar for skilting av vegar ligg hos Eigedomssjefen i kommunen.

Fjell kommune har pr 1.1.2009  472 vegnamn og 6478 off. adresser. Bustad og næringseigedomar har vore prioritet , men målet er flest mogleg eigedomar skal få off. adresse.

Målgruppe

Eigedomseigarar, huseigarar.

Kriterium/vilkår

Adressetildelinga skal omfatte eigedomar som blir brukte til bustadformål, fritidsformål, næringsverksemd eller offentleg verksemd.

Eigarens høve til å få endra ei adressetildeling er avgrensa. Det vil normalt berre skje dersom kommunen har gjort ein feil eller dei faktiske forholda har endra seg (eigedommen har fått hovudtilkomst frå ei anna gate enn tidlegare).

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Sjå kap. 15 i forskriften.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Informasjon om offisiell adresse og stadnamn får du hjå Servicetorget og/eller Plan og utbyggingsjefen.

Kriterium for adressenamn, skal leggja vekt på bruk av lokale stadnamn. Namneforslaget skal skje igjennom lag og organisasjoner i nærmiljøet. Dersom det ikkje er velforeining, bygdelag eller liknande i eit område, så bør forslag om adressenamn, koma frå fleirtalet av ein krets av personar.

Søknadsfrist

Søknader  og førespurnader vert handsama  etter kvart som dei kjem inn.
Nye vegar og felt vert teke so tidleg det høver og ein har ressursar til.

Moglegheit til klage

Klage på adressetildelinga kan gjerast i samsvar med reglande i delingslova  § 4-1, forskrift kap. 15  innan ein frist på tre veker frå du mottok skriv om adressetildeling . Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket og  grunngje grunnlaget for klagen. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen.

Klage på namnsetting kan  skje kun etter §  10  i stadnamnlova.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
27.05.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom