print

Automatisk freda kulturminne - tilskott til arkeologiske undersøkingar

Generelt

Omtale

Staten ønskjer å ta vare på kulturminne og kulturmiljø som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Har du fått løyve til å gjere inngrep i eit automatisk freda kulturminne på eigen eigedom (generelt gjeld dette kulturminne datert før år 1537, eventuelt for samiske kulturminne som er eldre enn 100 år), kan du få pålegg om at det skal gjerast arkeologiske undersøkingar før du set i gang tiltaket. Ved mindre private tiltak skal staten dekkje utgiftene heilt eller delvis, dersom desse blir urimeleg tyngjande.

Målgruppe

Private eigarar og forvaltarar av automatisk freda kulturminne og kulturmiljø.

Kriterium/vilkår

Tilskott blir gjeve til heil eller delvis dekking av utgifter ved mindre private tiltak dersom desse blir urimeleg tyngjande for tiltakshavaren.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Utfyllande retningsliner kan ein få hos Riksantikvaren.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Ta kontakt med Riksantikvaren dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga.

Vedlegg

Forklaring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi, og dessutan kostnadsoverslag.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknaden sendes til

Riksantikvaren

Saksbehandlingstid

Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg.

Søknadsbehandling

Det er Riksantikvaren som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endret i vedtaket og grunngje dette. Klageinstans er Miljøverndepartementet. Før klagen blir send dit, skal Riksantikvaren vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Blir vedtaket ståande, vil saka bli send til Miljøverndepartementet for klagebehandling.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom