Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kommunen har rettleiingsplikt og gjev informasjon om korleis du skal søkje, kva for retningsliner som gjeld, og om området er regulert eller ikkje.
Vedlegg
Situasjonskart der avkøyrsla er teikna inn.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Moglegheit til klage
Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Klagen må vere grunngitt. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Desom søknaden er behandla etter reguleringsplanen / plan- og bygningslova, kan avslaget klagast inn til Fylkesmannen. Klagen skal rettast til Fylkesmannen, men sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klagenemnda behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klagenemnda.