Omtale
Barnehagen skal gi born under skulepliktig alder gode vilkår for utvikling og aktivitetar i samråd med heimen til borna. Barnehagen skal støtte heimane i omsorgs- og oppsedingsoppgåvene deira og skape eit godt grunnlag hos borna for utvikling, livslang læring og aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn.
Barnehagen skal ta omsyn til:
- alderen til borna
- funksjonsnivå
- kjønn
- sosial, etnisk og kulturell bakgrunn
I Fjell kommune er det samordna opptak for private og kommunale barnehagar. Servicetorget i kommunen samordnar opptaket og styrar i den einskilde barnehage tildeler plassar. Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. mars, men ein kan søkja barnehageplass heile året. Dette fører til at det vert eit noko større opptak om våren enn elles i året. Dei som vil vera med på dette opptaket, må senda søknad til Servicetorget før 1. mars.
Du søkjer plass ved å bruka vår fullelektroniske søknadsportal.
Her sender du oss søknaden frå dataskjermen. Opplysningane går direkte inn i vårt barnehagesystem, og du får ei kvittering på at søknaden er motteken.
Du kan også fylla ut følgjande papirskjema, som du sender oss i posten:
Søknad på papirskjema skal sendast til:
Fjell kommune, Servicetorget, Postboks 184, 5342 Straume.
Dersom situasjonen for barnet og/eller familien endrar seg vesentleg etter at søknad er sendt inn, må det sendast inn skriftleg tilleggsopplysningar. Det er ein føresetnad at opplysningane som er gjevne i søknadsskjemaet gjeld når plass vert motteken. Fram til kommunen har nok barnehageplassar for alle som ønskjer det, ligg det føre prioriteringsreglar som er nedfelt i vedtekter til dei einskilde bhg.
Dersom søkjar meiner å ha krav på plass i prioritert gruppe, må dokumentasjon leggjast ved.
Målgruppe
Born 0 til 6 år som bur i kommunen.
Barn som er busett i Fjell kommune har førsteretten til barnehageplass.
Det kan søkjast plass i barnehage når barnet har fått personnummer.
Barnet må vere fylt 10 månader før det kan begynne i barnehagen.
Det kan søkjast plass i inntil 3 barnehagar.
Hovudopptak for ledige plassar for påfølgjande haust vert gjennomført i mars/april månad. Søknadsfrist til hovudopptaket vert annonsert kvart år. Opptak av barn vert gjort etter kvart som det vert ledige plassar elles i året. Prioriteringsreglar for opptak kan variere mellom private og kommunale barnehagar, men nokre hovudreglar er felles.
Kriterium/vilkår
Desse blir prioriterte ved opptak:
- Born med nedsett funksjonsevne
- Born som barnevernstenesta har overteke omsorga for
- Born som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta
Pris for tenesta
Regjeringa fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldra må betale for ein barnehageplass.
Pris barnehageplass
| Plasstype |
Resurs |
Pris kommunale |
| 100% plass |
5 dagar pr veke |
kr 2.330,- per mnd. |
| 80% plass |
4 dagar pr veke |
kr 2.100,- per mnd. |
| 60% plass |
3 dagar pr veke |
kr 1.805,- per mnd. |
| 40% plass |
2 dagar pr veke |
kr 1.500,- per mnd. |
| Korttidsplass |
max 9 timer i veka |
kr 660,- per mnd. |
Kveldsope barnehagetilbod - Leirstaden barnehage
Fleksiplass kr 2.500,-
- 30% søskenmoderasjon for det andre barnet
- 50% søskenmoderasjon for det tredje
- det vert betalt for 11 mnd. i året. Av praktiske grunnar vert det difor ikkje sendt ut rekning i juli månad
- Det er høve til å ta ekstra betaling for matservering. Ta kontakt med den einskilde barnehage.
* Prisen på deltidsplassar i dei private barnehagane kan variere. Ta kontakt med den einskilde barnehage.