print

Bibliotek

Generelt

Omtale

Folkebiblioteka skal fremja opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å tilby gratis utlån av bøker, tidsskrift/aviser, notar, lydbøker, filmar, cd-rom og musikk. Fjell folkeboksamling har også tilbod om bruk av pc til tekstbehandling, Internettbruk, m.m. I Internett-kafèen Vevstov@ kan du ta deg ein tur på nettet på leit etter informasjon eller underhaldning. I biblioteket får du tak i kommunal og statleg informasjon. Vi har lesesal og tre møterom til utlån for skuleelevar, studentar og andre. Framandspråklege får tilbod om litteratur på eige språk. Fiskestenger og redningsvestar kan du òg låna hjå oss. Biblioteket skal i tilbodet sitt til born og vaksne leggja vekt på kvalitet, mangfald og aktualitet.

Bokbussen i Fjell køyrer til faste stopp rundt i kommunen. Desse får besøk ein gong i månaden. For bokbussrute, sjå vår heimeside.

Pedagogisk senter låner ut læremiddel og driv rettleiing til tilsette i skular og barnehagar i Fjell kommune.

For informasjon om arrangement og liknande, sjå vår heimeside.

Målgruppe

Alle.

Kriterium/vilkår

Du må ha eit lånekort for å låne materiale med heim.

Pris for tenesta

Det kostar ingenting å låne.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.


intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom