Omtale
Ved kvar skole skal det vere samarbeidsutval (grunnskolen), skoleutval (den vidaregåande skolen), elevråd (begge skoleslaga), skolemiljøutval (begge skoleslaga) og foreldreråd (grunnskolen).
Råda og utvala i skolen har rett til å uttale seg og komme med forslag i alle saker som gjeld skolen. Å arbeide for skolemiljøet vil vere ei sentral oppgåve for alle organa.
Alle utvala og råda skal til kvar tid vere orienterte om alle forholda som har vesentleg tyding for skolemiljøet. Dei nemnde organa har på førespurnad rett til å få lagt fram dokumentasjon om det systematiske helse-, miljø- og tryggingsarbeidet ved skolen. Dei skal så tidleg som råd takast med i planlegging og gjennomføring av miljøtiltaka.
Dersom skolen blir klar over forhold ved skolemiljøet som kan ha negativ innverknad for elevane si helse, skal alle elevane og dei føresette snarast mogleg bli varsla om det.
Kriterium/vilkår
Råda og utvala gjev brukarane (elevar og foreldre) forum for utveksling av meiningar og høve til å gje felles uttaler. Ingen av råda eller utvala har avgjerdsmynde. Dersom nokre av organa skal få avgjerdsmynde, må dette skje ved kommunal eller fylkeskommunal delegering.