print

Bustadtilskott til tilpassing

Generelt

Omtale

Det kan gjevast bustadtilskott til tilpassing av bustad til heil eller delvis dekking av nødvendige meirkostnader ved spesialtilpassing av bustaden. Tilskottet kan givast til mindre utbetringar av dagens bustad, oppføring av ny bustad og i samband med kjøp av bustad. Ordninga er behovsprøvd.

Målgruppe

Husstandar med medlem som har nedsett funksjonsevne.

 

Kriterium/vilkår

Tilskottet blir gjeve etter ei vurdering av både dei særskilde behova søkjaren har for tilpassing og av den samla økonomien i husstanden.

Samarbeidspartnarar

Husbanken

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta, jf. forskrift om bustadtilskot. Sjå også retningsliner HB 8.B.2 frå Husbanken og kommunen sine eigne retningsliner (skal vere godkjende av Husbanken).

Om søknadsprosessen

Søknadsfrist

Søknader vert fortløpande handsama.

Saksbehandlingstid

Søknaden blir behandla så snart som mogeleg. Dersom vi ikkje kan gjere eit vedtak i saka innan éin månad, får du skriftleg svar om grunnen, med opplysningar om når det vil bli gjort eit vedtak.

Moglegheit til klage

Klagenemnda i kommunen er klageinstans. Klagen må sendast tre veker etter at du mottok vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette eventuelt med nye opplysningar.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
10.12.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom