print

Dagopphald

Generelt

Omtale

Tenesta er eit tilbod til menneske som bur heime og som kan ha behov for
  • å kome seg ut av eit isolert tilvære heime
  • aktivisering og rehabilitering
  • avlasting for pårørande
Fjell kommune tilbyr dag- og aktivitetstilbod på Kvednatunet, Straume bu- og servicesenter, Sotra dagtilbod og Straume arbeidssenter.

Målgruppe

Heimebuande eldre, psykisk utviklingshemma, funksjonshemma.

Kriterium/vilkår

Heimebuande utan alternative tilbod.Kriteria som vert lagt til grunn for tildeling av dagopphald: Sosiale tilhøve, avlastning for ektefelle/familie, psykiske tilhøve, tilsyn på dagtid, behov for aktivisering.

Pris for tenesta

Straume bu- og servicesenter og Kvednatunet: kr. 62 pr. dag. Prisen vert regulert årleg.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Tenesta er ikkje lovpålagt

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte servicetorget i Fjell kommune for å motta hjelp til å fylle ut søknadsskjema.

Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon andre som søkjer for deg.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknaden sendes til

Fjell kommune Postboks 184, 5342 Straume

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje er gjort eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det blir gjort eit vedtak.Søknad om plass ved Straume bu- og servicesenter og Kvednatunet vert handsama i Omsorgssjefen sitt inntaksteam. Inntaksteamet har møte annakvar veke.

Søknadsbehandling

Før saka vert handsama, vil vi kartleggja ønska og behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din, vil heimetenesta ta kontakt med deg og gjere avtale om heimebesøk.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne hjelpe deg med å skrive klagen. Endeleg klageintstans er den politiske klagenemnda.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
16.11.2009
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom