Omtale
Eigarseksjonering er ein måte å dele opp eigarinteressene i ein eigedom på når vanleg tomtedeling er praktisk vanskeleg. Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader. Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane.
Kriterium/vilkår
For å få etablert ein seksjon, må brukseininga (-ane) vere godkjende etter reglane i plan- og bygningslova for det føremålet eininga skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførte før seksjonering kan skje og ferdigattest.
- Det må knytast einerett til bruk av brukseininga
- Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengjande del av ein bygning på eigedommen
- Inndelinga må gje ei føremålstenleg avgrensing av kvar brukseining
Dersom ein skal seksjonera uteareal må ein teikne dette på eit situasjonskart 1:1000, der det går klårt fram kva som tilhøyrar seksjonane og fellesareal. Ein må påføra utmål frå t.d bygg til grense osv.