Moglegheit til klage
Skattytar kan krevja overtakst innan 4 veker frå skattelista er lagt ut. Å krevja overtakst vil seia at ein klagar over skattetaksten. Kravet skal sendast kemneren, som snarast mogleg etter at fristen er gått ut, sender det til leiar i overskattetakstnemnda.
Krav om omtaksering av eigedomsskatt
Eigarar kan krevja omtaksering av eigedommen i perioden mellom to alminnelege takseringar ( som skjer kvart tiande år). Kravet skal sendast til kemneren innan 1 november året før skatteåret. Når det er skatteytaren/eigaren som krev omtaksering, skal skattytaren dekkje kostnadene.
Omtaksering skal skje dersom:
- Det har skjedd ei deling av eigedommen
- Bygningar på eigedommen har brunne
- Bygningar er blitt rivne eller liknande
- Der er ført opp nye bygningar på eigedommen
- Verdien på eigedommen er endra med minst kr 10.000,-.
Nedsetjing og ettergjeving
Eigedomsskatten kan setjast ned eller ettergjevast dersom det har kome til forhold som vil gjere der svært urimeleg å halde fast ved skatten heilt eller delvis. Eksempel på forhold som kan gjere det særleg urimeleg, er sjukdom, brann eller naturkatastrofar. Skatteytaren har ikkje krav på nedsetjing eller ettergjeving.
Søknad skal sendast skrifteleg til kemneren, og saka vert behandla i skatteutvalet.