print

Ergoterapi

Generelt

Omtale

Tenesta går inn som ein del av helsetilbodet i kommunen.
Ergoterapi skal hjelpe deg til å fungere optimalt i kvardagen når du har problem med å klare daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.

Tenesta yter hjelp til:

  • rehabilitering etter sjukdom/skade
  • trening i daglege gjeremål
  • finmotorisk trening/handtrening/gruppetrening
  • tilpassing av aktivitetar, f.eks. arbeidsvanar 
  • tilretteleggje for å fungere aktivt i heim/barnehage/skule/arbeidsplass/fritid 
  • råd og rettleiing i bustad-/bilsaker
  • rettleiing/informasjon/undervisning
  • vurdering/tilpassing/opplæring/søknad om tekniske hjelpemidlar

Målgruppe

Personar som har eller som kan få vanskar med å klare daglege aktivitetar i samband med alder, funksjonshemming, sjukdom eller skade. Fremme helse gjennom aktivitet og deltaking på ulike arena, auka meistring og livskvalitet.

Kriterium/vilkår

Ergoterapeuten undersøkjer og kartlegg behovet for ergoterapi.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du får tilbod om tenesta uavhengig om du bur heime eller på institusjon. Ønskjer du kontakt med ergoterapeutane, kan du fylla ut søknadsskjema eller ringje oss.

Søknadsfrist

Fortløpande

Søknaden sendes til

Tilsvisinga skal sendast til ergo-og fysioterapitenesta, Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume.

Søknadsbehandling

Ein har ikkje saksbehandling og fattar ikkje vedtak på denne tenesta. Ved skriftlege tilvisingar sender me brev attende innan 14 dagar med melding om at vedkommande står på venteliste.

Vi startar opp behandling etter den prioriteringslista:
1.Prioritet.  Skal vera starta opp innan 14 dg.

  • barn 0-1 år 
  • terminale pasientar
  • korttidspasientar
  • tilvisningar frå 2.og 3.linetenesta m/vurderingbesøk
  • nyopererte
  • verderingav tilrettelegging og behov for tekn.hj.mid v/akull funksjonsvikt
  • vurdering v/ akull tilvising frå 1.linetenesta
  • ansvarsgruppemøte/samarbeidsmøter rundt enkeltpasientar


2.Prioritet.

  • barn 1- 7 år
  • forebyggende undervising
  • trening i daglege aktivitetar, ADL
  • behandling i forhold til akutt funksjonssvikt
  • vrurderingsbesøk v/nytilvising
  • tilrettelegging av bustad


3.Prioritet.

  • barn 7år og oppover
  • kurativ/palliativ behandling

Moglegheit til klage

Dersom du meiner at du ikkje har fått dei tenestene du har krav på, kan du vende deg til kommunen. Elles gjeld føresegnene om klageadgang i pasientrettlova, sjå kap. 7.

 

 

 

 




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
13.07.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom