Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Skatteoppkrevjaren vil kunne hjelpe deg med å setje opp ein søknad. Han skal innehalde
- namn
- stilling
- sivilstand
- inntekt (ev. inntekta til sambuaren/ektefellen/partnaren) dei siste to åra
- talet på forsørga og alderen deira
- opplysning om skatten er basert på sjølvmelding eller skjønnslikning
- kva for krav som blir søkt ettergjeve
- grunngjeving for søknaden
Du kan nytta søknadsskjema til høgre. For at dykkar søknad skal vurderast må alle opplysningane om inntekt, gjeld og utgiftar dokumenterast og leggjast ved.
Ver nøye når du fyller ut søknadsskjemaet. Dersom det manglar vesentlege opplysningar, vil det medføre at søknaden vert returnert. Ektepar og sambuarar må gje opp den totale inntekta for familien. Eventuell legeerklæring ved alvorleg sjukdom må leggjast ved.
Vedlegg
Kopi av sjølvmelding for dei siste to åra, eventuelt siste likning.Kopi av lønsslipp, utbetaling frå NAV, lån, husleige og anna med relevans for dykkar økonomiske situasjon.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla i skatteutvalet som har møter 2-3 gonger pr år.
Søknaden sendes til
Søknaden skal sendast til Kemanren i Fjell. Du vil straks motta ei stadfesting på at vi har registrert deg som søkjar, og kor lang tid handsaminga av søknaden dykkar vil ta.
Søknadsbehandling
Skatteutvalget avgjer for ettergjeving av skatt inntil kr 200 000. I saker som gjeld beløp over kr 200 000, har Skattedirektoratet avgjerdsmyndet.
Dersom du er arbeidslaus, student, på attføring eller avhengig av sosialstønad eller avtener førstegongsteneste/sivilteneste vert det oppfatta som ein mellombels periode med inntektssvikt, og difor vil restskatten sjeldan verta ettergjeven. Men rentefri utsetjing/betalingsordning kan verta innvilga til du på nytt får auka inntekt. NB! Dette gjeld for dei som har så låg inntekt at det ikkje er høve til påleggstrekk.
Moglegheit til klage
Det er ingen lovbestemt rett til å klage til eit anna forvaltningsorgan. Det kan klagast på feil saksbehandling til Sivilombudsmannen. Sivilombudsmannen kan ikkje gjere om vedtaket, men kan gi medhald i at saksbehandlinga har vore feil. I så fall skal saka tilbake til ny behandling i skatteutvalet. Du kan likevel søkje på nytt dersom du meiner at saka ikkje har vore tilstrekkeleg opplyst, eller at situasjonen har endra seg.
Skatteutvalet behandlar skattesøknader. Utvalet er sett saman av 3 politikarar og 2 frå skatteetaten, og har mynde til å avgjera søknader inntil kr 200 000.
Ved søknad om ettergjeving av beløp inntil kr 1.500 000, er det Skattefuten i Hordaland som tek den endelege avgjerda.
Ny handsaming
Dersom det har kome til nye, vesentlege moment, kan saka takast opp til ny handsaming i skatteutvalet.
Vedtak som gjort i skatteutvalet, er det ikkje høve til å klage på til andre forvaltningsorgan.
Avslag:
Dersom du får avslag vil kemneren i Fjell halda fram arbeidet med å få inn skattekravet. Vi rår deg til å ta kontakt med oss, slik at vi eventuelt kan få til ei betalingsordning. Dersom det ikkje er inngått avtale om betalingsordning, vil kemneren i Fjell på eiga hand halda fram med tvangsmessig innkrevjing av kravet. Dette inneber direkte trekk i løn/trygd - påleggstrekk eller pant i lausøyre/fast eigedom og eventuelt tvangssal av desse.
Ved ei tvangsmessig innkrevjing, vil vesentlege kostnader koma i tillegg til forseinkings-renter (12% p.a. frå forfall). Ved å inngå ei avtale, kan du unngå ein del av desse utgiftene, og du vil kunna påverka beløp, betalingstidspunkt osv., slik at det høver betre for din situasjon.
Rett til stans eller nedstjing av påleggstrekk
Kemneren i Fjell er, som andre kreditorar, bunden av dekningslova §2-7, som seier at du skal ha tilstrekkelege midlar til deg og husstanden sitt underhald. Kva som vert rekna som tilstrekkeleg vil vera ei vurdering i kvar enkel sak. I hovudsak er det kommunen sine eigne satsar for sosialhjelp som er utgangspunktet.
Restskatt som skuldast feil i likninga eller andre spørmsål eller klager skal rettast til Fjell likningskontor - tlf. 56 33 13 00
Nedsetjing av pensjonspoeng
Dersom søknaden din om ettergjeving av restskatt vert heilt eller delvis etterkomen, vil det føra til at grunnlaget for utrekning av pensjonspoeng vert sett ned. Dermed vert òg pensjonspoenga redusert, jf. folketrygdloven §6-5.