Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du treng ikkje sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller alle vilkåra over. Sidan vurderinga vil vere knytt opp til dette spesielle tilfellet, bør du i alle fall kontakte kommunen. Dette gjeld i særleg grad dersom eigedommen ligg i eit område som er regulert til vern. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.
Moglegheit til klage
Tiltak som er unntatt søknadsplikt, kan ikkje påklagast av naboar og andre involverte. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.
Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Vedtaket frå denne behandlinga kan påklagast av partane, deg eller naboane. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.