print

Film og video - konsesjon for framvising

Generelt

Omtale

Framvising av film eller video som næring kan ikkje skje utan konsesjon frå kommunen. Det blir gjeve konsesjon for inntil fem år. Det krevst ikkje kommunal konsesjon for
  • å vise film eller video der det ikkje blir kravd betaling for framvisinga
  • å vise film eller video i hotellrom
Kommunen og Medietilsynet har rett til å gjennomføre kontroll med at den konsesjonspliktige verksemda blir drive i samsvar med gjeldande regelverk.I Fjell kommune er det Servicetorget som har ansvaret for å gje løyve til filmframvising. Løyve vert gjeve i samsvar med "konsesjonsvilkår for omsetjing og framsyning av film og videogram i næring i Fjell kommune"

Målgruppe

Personar som vil drive framvising av film og video som næring.

Kriterium/vilkår

Film/video som skal visast fram i næring, må vere registrert i Medietilsynet sitt filmregister på førehand. Film/video som skal visast fram i næring til personar under 18 år, må vere godkjend av Medietilsynet på førehand.

Ein skal føre særskilt rekneskap for avgiftspliktig framvising.

Pris for tenesta

Ein må betale ei avgift til Norsk kino- og filmfond på 2,5 % av bruttoomsetninga.

Samarbeidspartnarar

Medietilsynet Norsk kino- og filmfond

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan få hjelp frå kommunen når du skal søkje om konsesjon for å vise film og video.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknadsbehandling

Kommunen gjer vedtak om konsesjonen.

Moglegheit til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket ikkje blir endra, vil saka bli sendt til klagenemnda for klagebehandling.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom