print

Følgjebevis for personar med nedsett funksjonsevne

Generelt

Omtale

Følgjebeviset er eit kort som blir skrive ut til personar med nedsett funksjonsevne. Følgjebeviset skal gje den som følgjer personen, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og visse transportmiddel.

Målgruppe

Personar med nedsett funksjonsevne.

Kriterium/vilkår

Det blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden, og ordninga er ikkje avhengig av om vedkommande mottar trygd. Nedre aldersgrense for søkjarar er normalt åtte år.

Pris for tenesta

Følgjebeviset er gratis.

Samarbeidspartnarar

Offentlege og private arrangørar av arrangement og nokre hotell og transportselskap.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om følgjebevis.

Vedlegg

Passfoto skal leggjast ved.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknadsbehandling

Dersom det er bruk for det, kan det innhentast fråsegn frå anten fastlege, legespesialist, offentleg godkjend helseinstitusjon eller helse- og sosialetaten i kommunen om den funksjonshemma sitt behov for følgje.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
08.12.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom