Omtale
Ønskjer du å dele frå ei tomt eller opprette ein festegrunn for meir enn 10 år, må du søkje kommunen om løyve. Det er ikkje nødvendig med slikt løyve for deling som skjer som ledd i eit jordskrifte som skjer i tråd med ein rettsleg bindande plan. Eit slikt løyve er trinn 1 i ein saksbehandlingsprosess der trinn 2 er å halde ei delingsforretning der den nye eininga får eige gards- og bruksnummer (sjå eiga tenesteomtale Kartforretning).
Ved delinga må det ikkje kome til forhold som strir mot plan- og bygningslova eller vedtekter som er gjorde etter lova. Difor er krava til søknaden og saksbehandlinga i kommunen den same som for byggjesøknader. Skal du søkje om frådeling for ei ekstra bustadtomt i hagen, må kommunen ta stilling til om det er mogleg å byggje eit bustadhus av normal storleik og standard på den nye parsellen.
Målgruppe
Blant andre desse kan krevje ein delingssøknad:
- Grunneigarar
- Den som gjennom rettskraftig dom er kjent som eigar til den delen av eigedommen som ein ønskjer frådelt
- Den som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste
Kriterium/vilkår
For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjent av kommunen. Desse kriteria må vere oppfylte:
- Det må vere sendt varsel til naboane (sjå eiga tenesteomtale)
- Tomtedeling må møte alle krava til byggjetomt i plan- og bygningslova, for eksempel krav til veg, vatn og avløp
- Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller byggjeplan