Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om godkjenning.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle søknad om godkjenning så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Søknadsbehandling
Det blir gjerne gjennomført ei synfaring før godkjenninga kan gjevast. For verksemder som berre skal meldast til kommunen, er det tilstrekkjeleg å vende seg til kommunen (ved kommunelegen). Kommunen kan granske verksemda, påleggje å rette forhold ved verksemda eller stanse ho. Tvangsmulkt kan ileggjast, alt i samsvar med kommunehelsetenestelova §§ 4a-7 til 4a-10. Dersom vilkåra ikkje blir overhaldne, kan godkjenninga trekkjast attende.
Moglegheit til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har motteke vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.