Omtale
Dersom du ønskjer å fylle ut eller planere terrenget på tomta di utan at det medfører vesentlege endringar, treng du ikkje sende melding eller søknad til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.
Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.
Kriterium/vilkår
Generelle vilkår:
- Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller ulempe for omgivnadene
- Tiltaket er ikkje i strid med plan- og bygningslova
- Tiltaket er ikkje i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller utbyggingsplan
Særskilde vilkår:
- Tiltaket oppfyller alle relevante byggtekniske krav, slik som omsynet til miljø, grunnforhold og tryggleik
- Tiltaket må ikkje føre til eit avvik på meir enn 3,0 meter frå opprinneleg terrengnivå i spredtbygde strok
- Tiltaket må ikkje føre til eit avvik på meir enn 1,5 meter frå opprinneleg terrengnivå i tettbygde strok
- Tiltaket må ikkje føre til eit avvik på meir enn 0,5 meter frå opprinneleg terrengnivå i rekkje- eller kjedehus
- Endringar i terrenget må ikkje hindre sikta i frisiktsonar mot veg
Dersom du har mistanke om at tiltaket kan påverke freda kulturminne, eller du treff på slike kulturminne når du skal gjennomføre tiltaket, må du kontakte kulturmyndigheitene.