print

Fyrverkeri - handel og oppbevaring

Generelt

Omtale

Det krevst løyve frå kommunen til å drive handel med fyrverkeri og til å oppbevare det. Kommunen gir løyve til oppbevaring for mengder inntil 250 kg netto eksplosiv vare. For større mengder er det Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap som gir løyve. Det knyter seg fleire kriterium/vilkår til eit slikt løyve, sjå nedanfor.Sjå også: www.sotrabrannvern.no

Målgruppe

Den som ønskjer å selje fyrverkeri klasse II og III.

Kriterium/vilkår

  • Verksemda skal peike ut ein kompetent person over 20 år og ein eventuell avløysar med dokumenterte kunnskapar og politiattest, som skal vere til stades medan salet skjer.
  • Verksemda må drive handelsverksemd med fast utsalsstad og må leggje fram firmaattest frå Føretaksregisteret.
  • Utsalsstaden må minst dekkje dei krava i byggjeforskriftene som gjeld til kvar tid, og må i tillegg møte ei rekkje andre tryggleikskrav.
  • Det er ikkje tillate å drive sal og utlevering inne i kjøpesenter eller nærare enn 25 m frå bensinstasjonar.
  • Sal til forbrukar kan berre skje i perioden 27. til 31. desember, og skal skje i handelslokale, over disk og av personale.
  • Fyrverkeri som blir selt i Noreg, skal vere godkjent. Det er Norges branntekniske laboratorium som godkjenner på vegne av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Det skal vere trykt på eit godkjenningsnummer som er sett saman av bokstavane NBL følgt av ein talkode. Godkjenninga skal sikre at fyrverkeriet opptrer slik det er føresett ved bruk, og ikkje gjer skade på personar og eigedom.

Samarbeidspartnarar

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Sjå: www.sotrabrannvern.no

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Særskilt søknadsskjema er utarbeidd av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Søknadsfrist

Innan 30. april i salsåret

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Søknadsbehandling

Kommunen registrerer søknaden og vurderer bygningsmessige forhold ved salsstaden og lagringsstaden. Kommunen vil også vurdere kompetansen til den ansvarlege / avløysaren (dokumentasjon om gjennomført kurs).

Moglegheit til klage

Dersom du får avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har motteke vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket ikkje blir endra, går saka vidare til klageinstansen.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom