Omtale
Formålet med innsynsretten er å gi allmenta innsikt i dei sakene som blir behandla av forvaltninga. Innsynsretten gjeld dokument som er i arkiva eller kontora til forvaltningsorgana. Innsynsretten gjeld også journal og liknande register og møtekart til folkevalde organ i kommunar og fylkeskommunar. Eit "dokument" er ikkje berre papirbaserte dokument. Etter definisjonen i lova gjeld retten all lagra informasjon utan omsyn til kva for eit medium som er nytta for lagringa.
Hovudregelen i offentleglova er at alle saksdokument i forvaltninga er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal forvaltninga vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn).
Kriterium/vilkår
Det er ikkje noko krav om at den som ber om innsyn må ha sakleg interesse. Innsynskravet må likevel vere knytt til ei bestemt sak.
Pris for tenesta
Forvaltningsorganet kan ta betaling for kopi til anna lagringsmedium enn papir. Betalinga kan ikkje vere større enn dei faktiske kostnadene organet har hatt til kopiering. Ein kan ikkje ta betalt for den tida som går med til å behandle førespurnader om innsyn og å kopiere dokument.