Omtale
Erstatningsordningane har som formål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Det kan vere produksjonssvikt som skuldast klimatiske eller klimatisk avleidde forhold, eller katastrofeprega tap av sau på beite.
Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved
- avlingssvikt
- vinterskadar på eng
- svikt i honningproduksjonen
Målgruppe
Landbruksføretak som
- er registrerte i Einingsregisteret
- er registrerte som meirverdiavgiftspliktige
- kan levere årsoppgåve som landbruksføretak
Føretak med honningproduksjon som ikkje er registrerte som meirverdiavgiftspliktige, kan likevel få erstatning dersom dei har hatt ein omsetnad på minst 20 000 kroner innanfor honningproduksjon dei siste tolv månadene før tapet som gjev rett til erstatning, oppstod.
Kriterium/vilkår
For å få utbetalt erstatning er det eit vilkår at tapet ikkje kan dekkjast av ei allment tilgjengeleg forsikringsordning, eller at føretaket ikkje får dekt tapet på annan måte. For erstatning for klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon er det i tillegg eit vilkår at føretaket gjev melding til kommunen så snart som råd når det er grunn til å tru at eit tap som ein kan krevje erstatning for, har oppstått eller vil kunne oppstå.